Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-ekspert: - Eurokrisa fører til eit tettare EU

- Eurokrisa er ei styringskrise, og den vil føre til ei endring av EU i retning av ein tettare union.

Det var hovudbodskapen til leiar Erik Oddvar Eriksen ved europaforskingssenteret Arena under eit føredrag på Universitetet i Oslo torsdag.

- Det blir ropt på effektive tiltak, men det skjer ingenting, sa Eriksen.

Etterdønning av finanskrisa

Eriksen ser krisa som herjar euroområdet i dag som ei etterdønning av den globale finanskrisa.

Dei lange, tunge forhandlingane og dei store ueinigheitene om krisehandteringa forklarte Eriksen med EUs struktur.

EU er verken eit mellomstatleg samarbeid slik som FN, eller ein føderalstat som USA, men ein mellomting. EU har felles marknad, felles valuta, men ikkje noko felles økonomistyring, felles skatt og heller ikkje felles sosialpolitikk.

- Det er ein svakheit ved dagens EU. Styringsstrukturen er ubalansert på det økonomiske området, sa Eriksen.

Annonse

Vegskilje

Han viste til at mange analytikarar meiner at EU i dag står ved eit vegskilje, der ein kollaps av euroen er ein mogleg utgang. Tettare samarbeid er ein annan. Eriksen gav uttrykk for at han trur på det siste.

- EU har nyleg oppretta tre nye tilsynsorgan som har ansvaret for å overvake medlemsstatane sin økonomi, sa Eriksen.

Onsdag vedtok EU-parlamentet seks nye lover som alle skal sørgje for strengare budsjettstyring i eurolanda. Dei nye lovene regulerer kor stor budsjettunderskota i medlemslanda kan vere. Samstundes inneber det også høge bøter til medlemsland som bryt reglane. Dette skjer parallelt med forhandlingane.

- Krisa kan kome til å skape nye institusjonar og ei ny omdreiing i integrasjonen i EU.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død