Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU åtvarar mot jordtap og nedbygging av matjord

Nedbygginga av matjord aukar klimautsleppa og faren for flaum og tørke, skriv EU-kommisjonen i ein rapport. Dei krev at EU-landa strammar inn jordvernet.

Klimautfordringane og trugande matkriser får EU-kommisjonen til å ta til orde for innskjerping i jordvernet for å redusere nedbygginga av matjord. Resultata frå ei omfattande kartlegging viser at EU-landa kvart år byggjer ned 1 million mål jordbruksjord. Det er like mykje som ein tidel av heile jordbruksarealet her i landet, og jordtapet er på 2750 mål kvar dag.

Mindre mat og meir utslepp

Konsekvensane av nedbygginga er langt større for samfunnet enn mange er klar over, ifølgje både rapporten og eit arbeidsdokument frå EU-kommisjonen.

Det mest openberre resultatet er varig tapt evne til å dyrke mat. Byane er historisk etablert i områda der jorda er mest fruktbar. Ein analyse utført av EU-kommisjonens felles forskingssenter viser at nedbygginga i 19 EU-land frå 1990 til 2006 gav eit tapt produksjonspotensial på 6,1 millionar tonn kveite pr år. Det er like mykje som ein sjettedel av kveiteavlinga i Frankrike, som er Europas største kveiteprodusent.

Les også: Jordvern blir nedprioritert viser forskingsstudie

EU-kommisjonen peiker også på at matjorda spelar ein nøkkelrolle i binding av karbon globalt. Matjorda i Europa lagrar åleine 70-75 milliardar tonn organisk karbon. Ein vesentleg del av karbonet blir slept ut når byane veks og matjorda blir fjerna. Nedbygging hindrar også vidare karbonbinding, som går føre seg når jorda blir dyrka.

- Resultatet av naturens biologiske prosessar gjennom fleire hundreår går dermed tapt for alltid i løpet av ein kort tidsperiode, skriv EU-kommisjonen.

Auka flaumfare og tørke

Nedbygginga av matjord bidreg ikkje berre til å auke klimaproblema, men forsterkar i tillegg også effekten av klimaendringane. Kvar mål med jord kan lagre så mykje som 375 tonn vatn eller 400 millimeter med regn pr kvadratmeter. Når jorda blir erstatta med hus og asfalt blir regnvatnet transportert langt raskare ut i elvane, noko som gir raskare flaum og større flaumtoppar.

Les også: Nordmenn legg beslag på mest jord per innbyggjar i Europa

Problema med tørke og oppvarming blir også større når økosystema og matjorda blir bygd ned. I tillegg skriv EU-kommisjonen at nedbygginga rammar det biologiske mangfaldet. Minst ein firedel av alle skapningar på denne planeten lever i matjorda, heiter det. Nedbygginga av jord rammar òg luftkvalitet og evna til å filtrere vatn, i tillegg til å redusere livskvaliteten i urbane strøk.

Krev redusert nedbygging

Annonse

EU-kommisjonen ber medlemslanda i størst mogleg grad redusere nedbygginga av jordbruksjord og andre grøne lunger. Fortetting og gjenbruk av tidlegare industriområde blir trekt fram som viktige grep, i tillegg til å stimulere til at tome bygningar blir fylt opp framfor å utvide dei tettbygde områda vidare. Om matjord likevel må takast, blir landa oppfordra til å spare den beste matjorda.

Tyskland er eit av landa som blir trekt fram som føredøme med redusert nedbygging, medan Austerrike, Danmark og Spania blir trekt fram som verstingar med auka nedbygging av jordbruksjord etter tusenårsskifte.

- Byvekst og lite effektiv arealbruk er eit av hovudtrugsmåla mot ei berekraftig arealutvikling. Utilstrekkelege insentiv til å gjenbruke tidlegare utbygde område fører til auka press mot jordbruksjord. Ofte er det ein generell mangel på å verdsetje matjorda, som ikkje blir anerkjent som ein avgrensa og ikkje fornybar ressurs, skriv EU-kommisjonen, som krev full innsats frå alle styresmakter og forvaltningsnivå.

- Jordvern er aktualisert

Seksjonsleiar Arnold Arnoldussen i Norsk institutt for skog og landskap deltok på ein jordvernkonferanse i Brussel i regi av EU-kommisjonen tidlegare i år. Han synest signala frå EU er svært interessante.

- EU-kommisjonen ser på jordvern som ein livsviktig problemstilling som har blitt ytterlegare aktualisert i takt med komande klima- og matkriser. EU har eit breitt perspektiv på jordvern og er djupt bekymra. Fleire stader blir det stilt strenge krav for å redusere nedbygginga. Norske styresmakter har òg noko å lære i by- og arealplanlegginga, seier han.

Her finner du:

Jordvernrapport EU-kommisjonen

Jordvernrapport fordelt på land

EU-rapport Jordvern nedbygging

Neste artikkel

Her vil de bygge leiligheter på gammel industritomt istedenfor matjord