Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ekspert på sosiale medium: Vanskeleg for politikarar å vera privat på Facebook

Sp-leiar Liv Signe Navarsete vil skilje mellom det private og offentlege på Facebook.

- Det er vanskeleg, seier ekspert på sosiale medium.

Statsråd og Sp-leiar Liv Signe Navarsete har fått fleire støtteerklæringar etter at ho onsdag kveld på sin private Facebook-profil bad om at dei som vil «sjikanere partileiaren eller statsråden - eller kanskje komme med konstruktive kommentarar og forslag til god Sp-politikk» bør bruke hennar offentlege Fabook-side Spdama.

Som mange profilerte politikarar har også Navarsete to profilar på Facebook; ein offentleg og ein privat.

Les også: Navarsete og Hareide er svakast på å bruke sosiale medium

- Det har vore eit dilemma når eg har kommentert politikk frå mi private Facebook-side, og ser at det kan forvirre ein smule. Difor ber eg dei som fylgjer meg som politikar om å bruke den offentlege sida mi, slik at eg kan bruke den private sida til å kommunisere med vener, familie og kjenningar, seier Navarsete.

Ho har sjølv styrt begge Facebook-sidene, og seier ho aldri har sletta innlegg frå Facebook.

- Det som blir publisert, blir fanga opp der og då. Folk gir umiddelbart uttrykk for det dei meiner, det gjer eg også. Eg ynskjer å kommunisere direkte med folk, og brukar i liten grad andre til å skrive ting for meg, seier Navarsete.

Over 2200 Facebook-venerPolitikarar får ofte hard medfart i sosiale medium. Også på Navarsete si side ligg kommentarar som «Ta handa di ut av smekken og bli vaksen. Du ser Veldigt Trynelaus ut på bildet ditt i allefall...».

- Eg tek meg ikkje nær av meldingar på Facebook. Det er klart at statsrådar kan aldri bli heilt private på Facebook, men eg ynskjer å gjera eit tydelegare skilje mellom dei to sidene mine, seier Navarsete.

Med over 2200 vener på Facebook er det mange som blir oppdatert om kva Navarsete driv med privat og politisk.

Annonse

- Det er nok ein del fleire som fylgjer meg som politikar enn som ven. Eg ynskjer i større grad å skilje mellom dei som er vener og familie, og dei som fylgjer meg som politikar, seier Navarsete.

Ikkje privatSvein Tore Marthinsen analyserer val, politikk og sosiale medium. Han seier det er vanskeleg for så profilerte politikarar som Navarsete å skilje mellom offentleg og privat på nettsamfunn som Facebook og Twitter.

- Di høgare opp ein politikar er i systemet, di mindre blir det private rommet. Dei fleste vil sjå på Navarsete som Sp-leiar døgnet rundt, seier Marthinsen.

Han kallar det litt naivt å tru at Navarsete kan vera 100 prosent privatperson når ho er partileiar. Marthinsen seier toppolitikarar må vera merksame på at dei i mindre grad enn andre kan bruke sosiale medium som privatpersonar.

- Med over 2200 vener på Facebook er det sendt eit signal om at Facebook-sida ikkje er av rein privat karakter. Folk vil heller ikkje skilje mellom den offentlege og den private Facebook-sida.

Ein av dei mest aktive Sp-politikarane på sosiale medium, Jenny Klinge, har valt å bruke si private Facebook-side også til politikk.

Les mer om korleis ho bruker Facebook i Nationens papirutgåve eller eavis fredag 1. juni

Nationen er òg på sosiale medium: Nationen på Facebook - Nationen på Twitter.

Neste artikkel

Støre om demonstrasjonene: – Viser hva som står på spill