Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein skule for kva?

Jarle Fagerheim, fyrstekandidat til fylkestinget for Miljøpartiet Dei Grøne i Rogaland "Det er framtida det står om."

Det er framtida det står om.

Skule vert ei hovudsak i valkampen, og godt er det. Det er framtida det står om. Berre så synd at ingen av dei etablerte partia kjem med noko nytt til dette utpinte ordskiftet.

Tvert om, Høgre og Frp har sett dagsorden, og dei andre diltar etter, frå SV til KrF. Disiplin og respekt er det visst for lite av i skulen. Læraren må stå fram som overhovudet i klasserommet, ta tilbake styringa med elevflokken. Nok sosialdemokratisk, snillistisk dilldall. Her skal det lærast!

Skulen speglar samfunnet elles. Ikkje berre læraren, men òg andre offentlege tenestefolk har mist mykje av autoriteten dei hadde «i gamle dagar». Folk står ikkje med lua i handa og tek imot, dei tenkjer sjølve fyrst. Anten det gjeld læraren, presten eller byråkraten i bygningsetaten sann respekt må dei gjera seg fortente til. Å spreia frykt og redsle er ein illegitim måte å oppnå «respekt» på no til dags. Dei færraste ser vel på det som noko negativt.

Annonse

Når så dei etablerte partia talar om «meir disiplin i skulen», som i stor grad skal oppnåast gjennom straff og trugsmål om straff, kan ein undrast kva slags storsamfunn dei vil ha. Eit samfunn av sjølvtenkjande individ som ikkje utan vidare godtek det som kjem frå autoritetane, er det beste vernet for folkestyret.

Dette handlar ikkje om at småskuleelevar skal ta alle avgjerdene for læraren. Men for å få respekt, må lærarane kunna grunngjeva handlingane sine dei må vita kva dei gjer, og det må vera meining med det! Som Mosse Jørgensen utrøyttande har peika på i mange tiår: Born vil læra. Det er eit større problem at lærarar, godt hjelpte av rigide læreplanar, legg hinder i vegen for læringa.

Gjev elevane meining, gjev dei tryggleik, gjev dei gode føredøme i tilværet, så kjem respekten av seg sjølv. I mellomtida lyt me gå skuleverket vårt grundig etter i saumane. Kva er eigentleg målet med læringa? Å produsera konsumentar og produsentar som ikkje stiller spørsmål ved samfunnsutviklinga, eller «å stimulera borna til å utvikla seg til leikande, kunnskapsrike og reflekterte kulturmenneske med sjølvtillit og sjølvinnsikt?» (sitat frå programmet til Dei Grøne). Skal Miljøpartiet Dei Grøne vera åleine om å stilla spørsmålet?

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997