Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein av fem kommunar reknar med underskott

Ein av fem kommunar har budsjettert med underskott i 2011, og blant dei er små kommunar overrepresentert.

Det viser ei undersøking KS - kommunane sin interesse og arbeidsgivarorganisasjon - har gjort rundt 2011-budsjetta til 283 kommunar.

- Typisk for kommunane som budsjetterer med underskott er at folketalet går ned. Det betyr nedbygging av institusjonar, og det er vanskeleg, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

Kommunane som er med omfattar 75 prosent av folketalet. Grovt sett vil kommunane halde fram med å bygge ut tenestetilbodet, og stort sett drive vedlikehald som før. Men dei set av litt mindre til investeringar i 2011.

Les også: Kommunene må stramme inn med renteøkninger

Tala viser også at 80 prosent av kommunane budsjetterer med positivt netto driftsresultat for 2011, 13 prosent av kommunane budsjetterer med netto driftsresultat over dei tilrådde tre prosentane. 20 prosent av kommunane budsjetterer med underskott - negativt netto driftsresultat - og i denne gruppa er altså små kommunar overrepresentert.

Satsar på barnehageDelt opp i sektorar viser det seg at 55 prosent av oss bur i ein kommune som aukar innsatsen i barnehagesektoren. Berre 19 prosent bur i kommunar som reduserer. 48 prosent av oss bur i kommunar som aukar innsatsen innanfor grunnskule, 30 prosent i kommunar som reduserer.

Talet på elevar per årsverk i skulen er ein målestokk som blir brukt for skule. Tala KS har henta inn viser at blant dei 71 kommunane som har vedteke meir midlar til skulen, vil det i seks av dei gi fleire elevar per årsverk, 49 vil ha same fordelinga mellom talet på lærar og elevar, og 14 kommunar vil få færre elevar per årsverk.

12 prosent av kommunane vil auke talt på sjukeheimsplassar,

Annonse

Av dei 88 kommunane som beheld same innsatsen innan skulen vil sju likevel få fleire elevar per årsverk, 72 vil behalde talet på elevar per årsverk og i ni av kommunane vil det bli færre elevar per årsverk.

Elevtal og sparingI dei 110 kommunane som svarar at dei reduserer den økonomiske innsatsen i skulen vil det i 55 bli fleire elevar per årsverk, i 45 vil det bli uendra tal på elevar per årsverk og i 14 kommunar vil det bli færre elevar per årsverk.

Eide forklarar det høge talet på kommunar som budsjetterer mindre til grunnskulen med at det i ein stor del av kommunane er nedgang i elevtalet. Seks av ti kommunar vil ha færre elevar rundt pultane i 2011 enn dei hadde i 2010.

- Men for nokre kommunar er det også snakk om konkret sparing, og ikkje nedgang i elevtalet som ligg til grunn for den minka innsatsen, seier Eide.

Sterk vekstKommunesektoren er elles prega av sterk vekst dei siste åra.

- Finanskrisa ramma privat sektor, seier sjefsøkonom Per Richard Johansen i KS.

Ei oversikt over kommunane sin økonomi viser at dei har auka inntektene, men fått avgrensa handlingsrommet. - Kommunane må stramme inn på utgiftene til drift og investeringar i åra som kjem, om ikkje vil gjelda stange opp mot 160 prosent av driftsinntektene, seier Johansen.

Neste artikkel

Ser ingen framtid som bonde uten bedre tall for lønnsomheten