Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein av fem bønder vil ha vekk odelslova

Eit fleirtal av norske bønder vil behalde odelslova, men 22 prosent seier nei takk. - Ein skulle tru fleire ville forsvart lova, seier forskar Magnar Forbord.

57 prosent av bøndene ønskjer å behalde odelslova, medan 22 prosent vil avskaffe lova. Det syner Trender i norsk landbruk, ei undersøking Bygdeforskning har gjort mellom norske bønder.

- Odelslova er ein tradisjon, og for mange i landbruket gir ho ein tryggleik, seier seniorforskar Magnar Forbord ved Norsk senter for bygdeforskning.

Han seier det er ei svært symboltung lov.

Les også: Ti ting du bør vite om odel

- Det er mange symbol knytt opp mot odelsbonden. Ein forbind han med noko positivt, seier Forbord.

22 prosent av bøndene vil avskaffe odelslova, medan ein like stor prosentdel ikkje er sikker. Det overraskar Forbord.

- Dei som har svart er trekt frå produksjonsregisteret. Det vil seie at dei er aktive bønder, og difor skulle ein tru fleire ville forsvart odelslova, seier han.

Tidlegare endringar

I 2002 svarte 47 prosent at dei ønskja å behalde odelslova, men i 2004 auka delen til 64 prosent.

- På 2000-talet var det ein diskusjon om å avskaffe odelslova, seier Forbord.

I 2001 sette dåverande landbruksminister Lars Sponheim ned eit offentleg utval for å gjennomgå odelslova. Eit mindretal, inkludert leiaren, gjekk inn for å avskaffe lova, men fleirtalet gjekk inn for å behalde lova med visse endringar.

Les også: Strid om odelsloven splittar regjeringspartia

Annonse

- Dei viktigaste endringane var at den nedre grensa for kor stort bruket kunne vere for opparbeide odel. I tillegg blei tilbakekjøpsretten for dei med odel redusert frå fem til eit halvt år, seier Forbord.

Odelslova er ei særnorsk lov, med røter attende til 900-talet. Ifølgje Forbord har ho likskap med lovar på Island, Færøyane og i Skottland. Han seier Sverige oppheva odelslova i 1860-åra.

- Det er ingen sjølvsagt lov. I den liberalistiske tidsalderen på 1850-talet var det diskusjon om å oppheve ho her i landet også, men odelslova var eit viktig prinsipp for eidsvollsmennene, seier Forbord.

Opp mot 100 odelshavarar

Forslaget til Senterpartiet om å innskrenke odelskrinsen gjer at odelsretten berre blir til søsken, barn eller barnebarn. Forbord seier innskrenkinga kan føre til færre rettssaker og odelstvistar.

- På 1800-talet kunne det vere så mange som 100 personar med odelsrett til ein gard, på grunn av store søskenflokkar. Med det nye forslaget vil talet på personar med odelsrett bli redusert til kring fem. Innskrenkinga vil redusere dei uheldige sidene ved odelslova, seier han.

- Korleis hadde landbruket i Noreg sett ut utan odelslova?

- Færre jenter ville fått moglegheit til å ta over. Gutar og jenter blei sidestilte i odelsrekkjefølgja i 1974, og viss odelslova forsvinn er eg redd mange bønder heller vil selje garden til ein yngre son enn den eldste dottera. Bøndene er konservative, og yrket er mannsdominert, seier Forbord.

Bortsett frå det seier Forbord det ikkje ville blitt store endringar på kort sikt.

- Odelslova er ei arvelov. Jordbruket er omfatta av andre lovar, som konsesjonslova og jordlova, som sørgjer for at gardsbruka blir udelte og intakt, seier han. Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for mandag 25. februar. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Vil redusere nitrogenutslipp ved å kjøpe opp land