Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Egg-pakkeria rustar seg til kamp om egg-kundene

Nortura vil vinne tilbake markedsandeler med nytt eggpakkeri i Rakkestad. Også konkurrentene utvider sine pakkerier. Fjørfelaget er bekymret for overproduksjon.

Fem mil frå kvarandre har Nortura og Cardinal Foods rusta opp kvart sitt eggpakkeri som til saman kan pakke heile den norske produksjonen av egg.

Torsdag var det offisiell opning av det opprusta pakkeriet til Nortura i Rakkestad i Østfold.

Sjå biletserie frå pakkeriet øvst i saka!

Pakkeriet vil pakke 120.000 egg i timen, men har kapasitet til å pakke langt meir enn dei 14.000 tonn egg som skal pakkast i år. Nortura har dei siste åra lagt ned tre pakkeri, og rustar opp dei tre attståande pakkeria.

Les også: Nortura sine konkurrenter reagerar sterkt på endringar i mottaksplikt

- Årsaka til restruktureringa var at me skal vera konkurransedyktige også på sikt. Me har tre toppmoderne pakkeri og er godt rusta for framtida, til det beste for eigarane og norske forbrukarar, seier direktør for egg i Nortura, Morten Nilsen.

Les også: Han er Norturas nye toppsjef

Åtvarar

Leiar i Norsk Fjørfelag, Jan Arne Broen, ser ikkje umiddelbart fordelane for bøndene om konkurransen om produsentane hardnar til.

- Det er overkapasitet på pakking som er større enn det marknaden tilseier. Det er mogleg aktørane posisjonerer seg i ein marknad med få kundar. Mistar dei ein avtale er det store volum i bevegelse, seier Broen.

Han er uroa over overproduksjonen av egg.

- For 2013 vil det vera overproduksjon av 1200 tonn, som tyder at det er ti konsesjonshus for mykje. Det er ikkje rom for å byggje nye hønsefjøs i dag. Me ber innstendig om at aktørane blir samde om leveranseavtalar eller overgang av produsentar, slik at me unngår ytterlegare overetablering, seier Broen.

I eggmarknaden i dag er Nortura og Cardinal Foods dei to store aktørane. Nortura har ein marknadsdel på pakking på 69 prosent, etter ein nedgang frå fjoråret frå 72 prosent.

- Det er konkurranse, og me må utvikle oss heile tida, eller er det andre som tek over etter kvart. Me ynskjer å ha så mykje aktivitet over anlegga som mogleg, seier Nilsen.

- Dei største aktørane på pakkerisida er Nortura og Cardinal Foods.

Annonse

Cardinal Foods aukar

Samstundes med at Nortura effektiviserer har Cardinal Foods, som har mellom anna det private investeringsselskapet CapMan og Synnøve Finden som eigarar, investert i ei maskin som kan pakke 180.000 egg i timen, og har såleis auka pakkekapasiteten med 50 prosent. Cardinal Foods har om lag ein tredel av marknaden ute i butikk, og kjøper dermed råvarer frå marknadsregulator Nortura.

- Me har fått større kundegrunnlag, er i vekst og ynskjer å styrke oss for framtida, seier dagleg leiar ved eggpakkeriet på Ski, Rune Hennum, som seier investeringane ikkje har noko med at Nortura lanserer det nyoppussa pakkeri i Rakkestad.

Han karakteriserer konkurransen i eggmarknaden slik:

- Det er frisk og god konkurranse. Konkurransen er større i dag enn tidlegare, mellom anna tek gardspakkeri marknadsdelar. Det gjer at me må skjerpe oss og fornye oss for å bli meir effektive og konkurransedyktige. Me må vera best i både for produsenten og for butikken, seier Hennum.

Regional konkurranse

På Jæren byggjer Jæregg opp ein pakkekapasitet på 7000 tonn, som er nesten sju gongar meir enn det bedrifta pakka i fjor. Til Nationen tidlegare i januar uttala dagleg leiar Erik Salte at dei treng 30 nye produsentar.

I Trøndelag bygde Rias Pakkeri i 2010-2011 ut pakkeriet til ein kapasitet til å pakke inntil 20 prosent av den norske eggmarknaden alle egga i landet.

- Marknaden etterspør alternativ. Me har også eit vesentleg lågare kostnadsbilete enn Nortura, seier dagleg leiar Ivar Skjetnemark.

Han seier alle nye eller etablerte produsentar som vender seg til Rias får levere til pakkeriet.

- Men me tek ikkje inn fleire enn det me til ei kvar tid har sal for. Me er hovudleverandør til Bunnpris-kjeda, og leverer berre egg frå frittgåande høner. Me må til ei kvar tid ha nok egg av rett kvalitet og pris til å dekkje etterspurnaden, seier Skjetnemark.

I Nationens e-avis for fredag 25. januar kan du også lese om Toten Eggpakkeri, og kvifor dei er lukkelege som små.

Neste artikkel

Nortura-bønder: – Slitsamt med stadige kutt og omveltingar