Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EFTA-domstolen gir Posten millionbot

I dag tapte Posten Norge mot det tyske selskapet DB Schenker i Efta-domstolen. Dermed må Posten Norge betale ei bot på heile 83,6 millionar.

Posten har fått bota for å utnytta si dominerande stilling i marknaden til å hindre mindre distribusjonsselskap, blant dei DB Schenker, i å etablere seg i marknaden for post i butikk. Posten har ikkje høve til å anke bota.

Dagens tap i EFTA-domstolen kan kome til å bli enno dyrare for Posten. I 2009 varsla Schenker eit erstatningskrav på 460 millionar kronar mot Posten.

Erstatningssak seinare

Millionkravet skulle vere kompensasjon for tap av inntekter som følgje av at selskapet vart hindra i å etablere seg i marknaden for post i butikk.

DB Schenkers advokat Jon Midthjell varslar no at dette kravet med renter har vokse til heile 600 millionar kroner. Erstatningssaken mot Posten skal opp i Oslo tingrett i løpet av året.

- Dagens avgjerd frå Efta-domstolen er bindande for Oslo tingrett i erstatningssaka og tek oss difor nærare eit positivt utfall der, seier Midthjell.

Annonse

Både nøgd og vonbroten

Posten meiner ifølgje NTB framleis at dei ikkje har gjort noko gale, men aksepterar EFTA-domstolens bot.

Bota vart i 2010 satt til 102 millioner kroner. EFTA-domstolen har nedjustert bota.

- Eg er vonbroten over EFTA-domstolens avgjerd og tar ho til etterretning, men er nøgd med at ESA-bota er redusert, seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge AS til NTB.

Neste artikkel

Også SV går ut mot Vedum-regnestykke