Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrevernarar meiner det er for lett å omgå forbod mot dyrehald

Dyrevernalliansen meiner det er for enkelt å omgå forbod mot dyrehald. Dersom nokon blir pålagt aktivitetsforbod mot dyrehald kan drifta lett overførast til nære pårørande.

Dyrevernalliansen ønskjer endring i Dyrevelferdsloven slik at det skal bli vanskelegare å omgå forbod mot dyrehald. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / NTB Scanpix/ NPK
Dyrevernalliansen ønskjer endring i Dyrevelferdsloven slik at det skal bli vanskelegare å omgå forbod mot dyrehald. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / NTB Scanpix/ NPK

No vil Dyrevernalliansen endre dyrevelferdslova og gjere det lettare for Mattilsynet å gi aktivitetsnekt for fleire personar på same gard når dyretragediar blir avslørt. I dag er aktivitetsforbodet personleg og det er ingen reglar mot å overføre drifta til nær familie eller nære vener.

– Ein som er gift med ein person som over tid grovt har vanskjøtta dyr slik at dei lid og døyr, bør også få aktivitetsnekt, for å unngå at dyra blir overført og samstundes hindre at dyremishandlinga held fram, seier jurist Live Kleveland i Dyrevernalliansen til NRK.

• Les og: - Som bondeleder blir jeg lei meg når sånt avdekkes

Mattilsynet har hatt fleire saker i Rogaland der det har vore mistanke om proforma verksemdoverdraging til nære slektningar etter at det er gitt aktivitetsforbod.

Annonse

– Det er vanskeleg å finne klare bevis på om ei overtaking er proforma. Ofte er registrerte overføringar av verdiar gjennomførte og reelle. Men det er vanskeleg for oss i Mattilsynet å seie kven som har stelt dyra dei siste dagane, vekene og månadane, seier seniorrådgivar Baard Birkeland i Mattilsynet.

• Les meir: Shabana Rehman: – Det er en ukultur i Noahs ledelse

Neste artikkel

Mattilsynet ila bonde aktivitetsforbud. Nå har retten funnet det ugyldig