Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrevern-fanatisme

Noah har eit openbart mål om å få slutt på alt husdyrhald, og at dyr skal likestillast med oss menneske.

at dyrevernorganisasjonar står opp for beitande husdyr, skriv kronikkforfattaren. Foto: Mariann Tvete.

I helga arrangerte «dyrevern»-organisasjonen Noah fakkeltog mot pels og pelsdyrbønder i mange byar. I denne fanatiske «dyrevern»-organisasjonen sin ideologi som ein finn på deira nettsider, heiter det mellom anna: «Vi vil ha en verden hvor dyr er likeverdige medskapninger, dyr ikke skal drepes for kjøttets skyld, eller for menneskers interesser.» Om husdyr: «Hver enkelt av dyrene i landbruksmaskineriets bur og binger deler vår evne til savn og glede, dødsangst og livslyst. Hadde mennesker lært også disse dyrene å kjenne, ville slakt blitt sett på som den voldelige galskap det er.»

Slike ekstreme haldningar og mål er utan tvil eit angrep på vårt lands lange mat- og kulturtradisjonar, og i særleg grad landbruket i distrikta, der det å hauste av det dyr har gjeve oss i form av mat og klede, har vore heilt avgjerande for å oppretthalde bygdesamfunn. Det har til alle tider vore sjølvsagt at husdyra skal ha gode levevilkår og velferd. Husdyrhald har vore grunnpilaren for levande bygder frå tidenes morgon.

Gjennom sosiale medier har Noah og likesinna funne ein urovekkjande effektfull måte å forlede folk på, for å oppnå auka oppslutning og støtte på falske premissar. Her postar dei sin propaganda for å tiltrekkje seg medlemmar og sympatisørar. For ungdom kan dette fungere som indoktrinering.

Slike arbeidsmetodar og tydeleg styrt strategi for å oppnå ein hat-stemning mot bønder er skremmande, og har gått føre seg over mange år. Ut av videoklipp frå fakkeltoget i Oslo i helga ser ein tydeleg døme på dette, som ein rein massesuggesjon, og med krenkande språkbruk mot bønder.

Stortingsrepresentant Une Bastholm frå MDG var ein av appellantane. Ho oppfordra til å gje pengestøtte til dyreaktivistar som er dømde til betinga fengselsstraffar, og til å betale erstatning for å ha brote seg inn i minkfjøset til ein pelsdyrbonde. Det er alvorleg og oppsiktsvekkjande av ein stortingsrepresentant.

Når statsbudsjettet vart lagt fram nyleg, var ikkje overraskande Siri Martinsen i Noah raskt ute for ytre sin nød, etter at forslaget som forventa gjekk ut på å fjerne statsstøtta til fanatiske «dyrevernarar». Enkelte riksmedier står med opne armar når desse ytterleggåande kreftene vil få fram sin propaganda mot norsk husdyrhald.

I denne saka om statsbudsjettet var Martinsen i kjend stil på banen med forvrenging av sanninga, då ho hevda at «pelsnæringa får 2 millioner», og at det er «skandaløst at all støtte til dyrevelferd blir borte». Sanninga her er at regjeringa vil bevilge 2 millioner kroner til konkrete dyrevelferdstiltak, for å trygge gardsdyras velferd i pelsdyrgardar.

For «dyrevernarane» er det avgjerande at rovdyra skal vernast og ha full råderett over natur og beiteområde.

Annonse

Pelsdyr og rovdyr er fyrste kampområde for Noah til å nå sine mål. Til trass for at Stortinget i januar 2017 gjorde eit klart vedtak om berekraftig utvikling for pelsdyrhald, på sterk fagleg grunnlag, arbeider fortsatt Noah like aktivt mot Stortingsvedtaket.

Ein høyrer aldri at Noah står opp for beitande husdyr, sjølv om tusenvis av dyr kvart år gjennomgår store lidelsar etter rovdyrangrep. Dette fordi at for «dyrevernarane» er det avgjerande at rovdyra skal vernast og ha full råderett over natur og beiteområde. Samstundes blir bønder urimeleg uthengt ved at dei ikkje held beitedyra sine borte frå rovdyra. Her ser ein tydeleg Noah sin dobbeltmoral. Det heile er absurd og patetisk, ikkje minst at også at stortingspolitikarar støttar opp om slikt.

Noah er i realiteten meir som ein veganerorganisasjon, og dei bruker på ein svært kynisk måte dyrevernbegrepet for å fremje eit vegansk livssyn, og ramme dyktige bønder som har høg fokus på husdyras velferd. Ein skal ha respekt for folk som vel eit vegansk kosthald, men slik Noah brukar ein kamp mot alt husdyrhald, for å fremje veganismen er svært uverdig.

At denne organisasjonen tidlegare har motteke statsstøtte er eit stort mistak. Slike fanatiske og ytterleggåande dyrevernkrefter er ein trussel for framtida til landbruket, distrikt og bygdesamfunn, og heile samfunnet har eit ansvar for å bryte ned slike destruktive krefter.

Det bør vera sjølvsagt at våre folkevalde på Stortinget og i regjering ikkje kan gje statsstøtte til slik fanatisme i framtida.

Alle me som er knytt til husdyrhald og levande bygder har også ein viktig jobb å gjera for å syne fram sanninga om kva husdyrhaldet går ut på. Det er avgjerande viktig at oppveksande generasjonar får riktig kunnskap om viktigheita av levande bygder og eit berekraftig landbruk med gode og trygge levevilkår for våre husdyr, før ungdomen blir fanga opp av dei fanatiske kreftene som arbeider mot dette.

Neste artikkel

Anna Brustad Moe startar kronerulling for pelsdyrbøndene som går til sak