Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Drøymer du om eit småbruk?

I Jostedalen kan du få bygge ditt eige.

Etterspurnaden etter småbruk i Bygde-Noreg er enorm. I Jostedalen kan ein byggje sitt eige.

Tilflyttingsprosjektet i Jostedalen har arbeidd for å gje folk tilgang på større naturtomter i flott terreng. Bonde John Geir Sperle gjer det mogeleg å byggje sin eigen «høgdegard» på 4 mål på Garden over Sperla i Jostedalen.Luster kommune har gjort det lettare å frådele opp mot 4 mål til tomteføremål. John Geir Sperle tilbyr no dette høgt over dalen for dei som måtte vere interesserte. Fleire grunneigarar tilbyr større naturtomter i Jostedalen for folk som ikkje berre drøymer om ski og snø, men òg «lier som grønkar som hagar».- Me har sett at det er enorm interesse dei gongene småbruk har vore til sals i Jostedalen. Men dette skjer ikkje så ofte, korkje her eller andre stader. Difor vil me prøve å imøtekome etterspurnaden med større tomter. Slik kan folk sjølve byggje draumen sin, seier Marit Aakre Tennø, leiar for tilflyttingsprosjektet i Jostedalen. Sterk etterspurnad

- Det er stor etterspurnad etter småbruk. Det blir seld fleire småbruk enn vi tek i mot annonsar. Vi ser at vi må gjere ein innsats for å få tak i fleire småbruk, fortel Bente Lorentzen, ansvarleg for gardsbruk.no, som driv med kjøp, sal og utleie av gardar.

Nettstaden har 20.000 besøkande kvar månad. Lorentzen trur fleire ser på høva for eit meir landleg liv. Mange etterspør høva for økologisk landbruk.- Folk er opptekne av miljøet, og har lyst til å drive jorda på ein sunn måte. Men det verkar som dei fleste har eit realistisk forhold til at det kan vere mykje arbeid på eit småbruk, seier Lorentzen. Tilbyr opplæring På gardsbruk.no kan seljaren velje om han eller ho er villig til å gi opplæring i samband med overtakinga. Anten gjennom samtalar eller å vere til stades den fyrste tida, for å gjere overgangen smidigare.

Annonse

- Alle gardbrukarar har verdifulle kunnskapar om jorda og garden. Ei slik ordning kan gjere det enklare for alle partar, seier Lorentzen.

Målet er å få fleire unge til å ville overta.

- Statistikken viser at dei fleste kjøparane er folk over femti, seier Lorentzen.

Neste artikkel

Kven skal eige jorda?