Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Direktøren i Norsk Landbrukssamvirke meiner prosenttoll kan dempe importen

Ei rekkje jordbruksvarer kan få betre vern mot import ved overgang til ?prosenttoll, ifølgje fagfolk.

Etter nær tjue år med uendra toll basert på fastsette kronesatsar, begynner pris- og kostnadsveksten for alvor å innhente tollvernet.Les også: Regjeringa vil utnytte handlingsrommet til å betre tollvernet Frå 2000 til 2010 er importen av landbruksvarer dobla til over 35 milliardar kroner per år. For stadig fleire vareslag er det blitt lønsamt å importere til full toll.Sterkare vern Gjeldande WTO-avtale opnar for at kvart land kan endre frå krone- til prosenttoll. Det vil ifølgje fagfolk gi sterkare vern for dei fleste jordbruksvarer. - Tollen står fast på same nominelle kroneverdi som i 1994. Vernet blir dermed mindre og mindre verdt etter kvart som åra går. For ein del produkt er det ikkje vern igjen, medan for andre er det snart billigare å importere til full toll, seier direktør Eugen D. Tømte på industripolitisk avdeling i Norsk Landbrukssamvirke. Han viser til at inflasjon, løns- og prisvekst utvatnar tollvernet når kronesatsen står stille. - Det er ekstra utfordrande i ein oljeøkonomi. I WTO-avtalen er det derimot fullt mogleg å endre tollen til prosentsatsar i staden for kronesatsar. Det vil gi betre vern for dei fleste jordbruksvarer, seier Tømte. For enkelte lågverdiprodukt vil derimot kronetoll framleis gi best vern, men det er unntaka, ifølgje Tømte.Prosenttoll Debatten om overgang til prosenttoll blussa for alvor opp i samband med jordbruksoppgjeret i 2010. Løfter om overgang til prosenttoll på konsummjølk var sterkt medverkande til at partane i jordbruksoppgjeret inngjekk avtale den gong, sjølv om tollvern formelt ikkje er del av jordbruksforhandlingane. Overgang til prosenttoll var avgjerande for å kunne auke målprisen på mjølk tilstrekkeleg for å få ein avtale. I fjor vart derimot ønsket om overgang til prosenttoll på ost ikkje imøtekome. Ifølgje Tømte er det behov for å gå igjennom heile lista for å vurdere situasjonen i dei ulike produksjonane. - Styrka tollvern er avgjerande for at landbruket skal kunne produsere og selje mat under det kostnadsnivået vi har her i landet, seier Tømte.

Annonse

Neste artikkel

Avfall fra næringsmiddelindustri og landbruk kan gi mer miljøvennlig transport