Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Digital post - berre for bokmålsbrukarar

Storsatsinga Digipost famnar for smalt, meiner Språkrådet. Dei ber Samferdselsdepartementet bruke nynorsk pisk på Posten.

Fleire nynorskbrukarar har sendt skriftleg klage på manglande nynorskversjon av Digipost, den digitale postkassa som Posten Noreg lanserte i april.

Posten Noreg AS er eigd av staten ved Samferdselsdepartementet, som har teke imot språkklagene. Språkrådet har gått gjennom desse og konkluderer med følgjande: «Språkrådet oppmodar no Samferdselsdepartementet om å sjå til at Posten får i stand ein nynorsk versjon av Digipost så snart som råd.»

Éin av dei som har klaga på det manglande språktilbodet er Erlend Bakke frå Askøy i Hordaland. Han seier til Nationen at tenesta utan tvil bør vere tilgjengeleg på begge målformene.

Verkar ekskluderande

- Digipost skal vere ei teneste for alle, men for nynorskbrukarar verkar ho ekskluderande, seier Bakke.

Det fryktar ikkje informasjonssjef Pål Jakobsen i Posten.

- Eg har ingen tru på at det ekskluderer nynorskbrukarar, seier han.

Ifølgje informasjonssjefen har Posten planar om at det skal kome ein nynorsk versjon, men han kan ikkje seie når det vil skje.

- Lansert i april 2011

Annonse

- Det er ingen krav til målform, sidan Digipost ikkje er eit konsesjonsbelagt produkt, påpeiker Jakobsen.

Meiner mållova gjeld

Språkrådet meiner Digipost så absolutt må oppfattast som ei kunderetta teneste, og at produktet difor vert omfatta av mållova.

«I ein så sentral del av norske borgarar sin digitale kvardag som Posten legg opp til at Digipost skal vere, kan det såleis ikkje vere i samsvar med vedtektene at tenesta berre blir tilboden på bokmål,» skriv Språkrådet.

Posten seier sjølve at dei har som intensjon å tilby ein nynorsk versjon av Digipost så snart som selskapet vurderer at tenesta er i ordinær forretningsmessig drift.

Språkrådet meiner det er vel og bra, men at det ikkje unnskyldar mangelen på parallell utvikling av tenesta på begge målformer.

«Ei teneste som «over 100 000 ellerede har tatt i bruk», som Posten reklamerer med på heimesida si, må vel seiast å vere i «ordinær forretningsmessig drift», skriv Språkrådet i klagesvaret som er sendt til Samferdselsdepartementet.

Neste artikkel

Nygård vil ikke gripe inn mot tog-oppsplitting på Østlandet