Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Difor sa Fellesforbundet nei til EUs vikardirektiv

Berre ein av delegatane på landsmøtet til Fellesforbundet stemte for vikarbyrådirektivet. Me snakka med seks delegatar som alle sa nei.

Onsdag vedtok Fellesforbundet å leggje ned veto mot vikarbyrådirektivet til EU. Berre ein av delegatane røysta for direktivet. Les meir: Massivt flertall for vikardirektiv-veto i Fellesforbundet

Tysdag møtte Nationen nokre delegatar på landsmøtet. Me spurte dei om Fellesforbundet burde seie ja eller nei til vikardirektivet.

Steinar Ludvigsen, Fellesforbundet i Møre og Romsdal- Eg seier nei! Det er stor fare for eit uryddig arbeidsliv og eit misbruk av rettane til arbeidstakarane ved innføring.

Jorunn Sætrevik, Fellesforbundet i Hordaland- Eg tykkjer ikkje om vikarbyrådirektivet i det heile. Me treng arbeidsplassane sjølv, og me er ikkje tent med ein arbeidskvardag der det er legitimt å herse med tilsette.

Les også: Fagforbundet stemmer over veto mot vikarbyrådirektivetTrond Larsen, Fellesforbundet i Østfold

- Me vil helst ikkje ha vikarar i det heile. Me ønskjer å bestemme sjølv her heime. Eg er viss på at direktivet vil møte motstand under avstemninga. Audhild Solsvik, Fellesforbundet i Bergen

Annonse

- Under landsmøtet har eg gått frå å vere tvilande tilhengjar til å verte motstandar av direktivet. Eit godt argument er tilhøva i arbeidslivet ute i Europa jamfør her heime.

Les meir: Forskar: EUs vikarbyrådirektiv handlar om likebehandling

Håkon Straume, Byggfag Drammen/Bærum

- Eg seier nei, for eg trur ikkje ein greier å avgrense bruken av "lausarbeidarar" i byggebransjen. Ei innføring vil heller føre til meir misbruk av vikarar.Kristin Mulleng Sezer, Oslo Grafiske- Eg meiner me ikkje skal innføre vikarbyrådirektivet. Det går mot det som står i arbeidsmiljølova. Eg meiner det ikkje bør vere eit EU-direktiv som skal styre over norsk arbeidsliv.

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk