Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Desse sakene kan EU tvinge Noreg til å forhandle om

EU vurderer å tvinge Noreg, Island og Liechtenstein til å forhandle om seks problemsaker.

Førre veke varsla EU at dei vurderer å ty til «formelle prosedyrar i EØS-avtalen» kva gjeld seks av EU-reglane EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein enno ikkje har innført i EØS-avtalen. Det inneber å ta i bruk den såkalla reservasjonsprosedyren, som så langt berre er brukt to gonger tidlegare i EØS-avtalens 20 år lange historie.

Reservasjonsprosedyren inneber at partane vert tvinga til forhandlingsbordet og får seks månader på seg til å finne kompromiss. Dersom det ikkje går, kan den aktuelle delen av EØS-avtalen setjast ut av kraft mellombels.

Nestleiar Niels Engelschiøn ved den norske EU-delegasjonen i Brussel stadfestar at temperaturen på møtet med EU-sida førre veke var høgare enn vanleg.

- EU-sida gjorde det klart at dei i nokre saker ikkje ser grunnlag for å kome lenger med forhandlingar på teknisk nivå, seier han.

Les også: Nei til EU sender krav om alternativ

EUs ambassadør til Noreg, Janos Herman, sa i eit intervju med Nationen nyleg at det å halde på likskap i reglane for den indre marknaden er avgjerande for det gode forholdet mellom EU og EFTA-landa innanfor rammeverket av EØS-avtalen. Herman har ikkje hatt fleire kommentarar til saka etter møtet.Postdirektivet, som regjeringa har varsla at Noreg vil reservere seg mot, er blant dei seks sakene det kan verte formelle forhandlingar om framover. Det same er datalagringsdirektivet, som Island har sett ned foten for, og bankinnskotsdirektivet, som Noreg vil ha nokre unntak frå.

Datalagringsdirektivet

Annonse

Les også: EU vil ikke bruke skattepenger på banker i krise

Både norsk og islandsk side stadfestar at dei nemnde direktiva er utfordrande, men seier det vert jobba for å finne løysingar.

- Dei seks direktiva er utfordrande for samarbeidet, og den beste måten å løyse dei på er slik vi alltid har gjort det i EØS-avtalen: Gjennom pragmatiske konsultasjonar mellom EFTA-sida og EU-sida for å finne gode løysingar, seier Thorir Ibsen, som er Islands ambassadør til EU.

Han seier datalagringsdirektivet framleis er til vurdering i utanrikskomiteen i Alltinget.Leiar Per Strand Sjaastad i EØS-seksjonen i Utanriksdepartementet i Noreg seier det ikkje er unaturleg at EFTA-landa og EU drøftar krevjande saker, slik dei gjorde under møtet førre veke.

Les meir om det i eavisa til Nationen for torsdag 21. juni. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Senterungdomen vil kutte EØS-midlane: – Usosialt og usolidarisk