Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den norske hesten skal reddast

No må noko gjerast for å redde dei norske hesterasane dølahest og nordlandshest, meiner fagfolk. Dei står begge på lista over utryddingstruga artar.

Det er no sett ned ei eiga arbeidsgruppa som skal lage ein handlingsplan for å redde dei tre særnorske hesterasane våre. Det opplyser leiar av avlsrådet ved Norsk Hestesenter, Inge Kringeland, til NRK.

- Etterspurnaden etter hestane har gått ned og dei som avlar fram desse har gradvis slutta med det. No må det gjerast noko, skal vi redde desse hestane, seier Kringeland.

Fjordingen har derimot eit betre grunnlag enn dei to andre norske hesterasane fordi han har auka popularitet i utlandet.

- Talet på både dølahest og nordlandshest har gått sterkt ned. Rasane risikerer å døy ut dersom det ikkje blir gjort noko, seier Kringeland.

- Fordi det er såpass få hestar igjen av desse rasane, fører det også til mykje innavl, seier han.

Annonse

Konsekvensar av innavl kan vere både redusert fruktbarheit og opphoping av sjukdommar og defektar i populasjonen.

Nordlandshest, eller lynghest, er ein nordnorsk hesterase. Han er litt større enn islandshesten og er meir typisk hest i utsjånad. Han har aner frå dei små hestane som norrøne folk i Noreg brukte og stammar sannsynlegvis også frå dei gamle og lettbeinte steppehestane.

Dølahest stammar frå Gudbrandsdalen, der den moderne dølahesten kan hevdast å ha blitt skapt på 1800-talet. Dette er ein kaldblodshest med mange eigenskapar og er den største av dei norske hesterasane. (©NPK)

Neste artikkel

Rapport: Slik skal EU styrke distriktsjordbruket