Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den europeiske bondeorganisasjonen kritisk til norske tollendringar

Omfanget av dei føreslegne norske tollendringane for lam, biffkjøt og nokre typar ost er uakseptabelt, seier generalsekretæren i den europeiske bondeorganisasjonen Copa Cogeca.

- Tollendringane Noreg gjer ser ikkje ut til å stå i forhold til røynda i marknaden, seier generalsekretær Pekka Pesonen i den europeise bondeorganisasjonen Copa Cogeca til Nationen.

Saman med Gerd Sonnleitner, som er formann i det europeiske bondelaget Copa, møtte han i dag den norske landbruksministeren Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Brussel.

Dei to snakka i hovudsak saman om maktforholda i matvarekjeda som begge partane karakteriserer som utfordrande for det europeiske landbruket.

RøyndomsforståingSlagsvold Vedum seier han opplevde at dei to partane hadde ei røyndomsforståing som var svært lik.

- Utfordringane med maktfordelinga i matvarekjeda er svært like i Noreg og i andre europeiske land. Dei sa også at dei har meir tru på den vegen vi går - med å sjå på å lage ei lov om god handelsskikk - i staden for å tenkje på ei såkalla friviljug ordning. Det her er eit område som må lovregulerast, seier han.

Les også: Forskar: Norge kan doble tollnivået på landbruksvarer

Til Nationen etter møtet var Pesonen likevel klar på at det også fanst tema der den norske landbruksministeren og Copa Cogeza har ulik røyndomsforståing.

Pesonen kallar dei planlagde norske tollendringane for uakseptable.

- Omfanget av endringane er ikkje akseptabelt. Vi snakkar om ei stor auke i tollen som skapar uro i marknaden.

- Hindrar handelPesonen seier Copa Cogeca har vore i kontakt med EU-kommisjonen om endringane.

Annonse

- Vi er opptekne av at alt som hindrar handel, og den norske tollen gjer det. Her snakkar vi om noko som endrar situasjonen i marknaden plutseleg og i stor grad, og det har vi eit problem med, seier Pesonen.

Les også: Høgre fryktar EU vil straffe norsk toll

Han understrekar at motstanden mot tollendringa ikkje har å gjere med Noreg som slik.

- Posisjonen vår ville vore lik om det same hadde skjedd hjå andre av handelspartnarane våre, seier han.

Tollendringa var likevel ikkje eit tema i møtet mellom Vedum og Copa Cogeca onsdag.

Vedum seier han opplevde møtet som positivt.

- Kva tenkjer du om at Copa Cogeca er kritisk til det norske tollvedtaket?

- Det syner berre at det er ulike syn i europeisk og norsk landbruk. Det veit vi frå før. Det er ein av grunnane til at vi ikkje vart medlem i EU i 1994, seier Vedum til Nationen.

Neste artikkel

Utsetter landbrukets klimafond og "nuller ut" myr-penger