Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Byggjer Via Ferrata-bru i Loen

Denne veka starta arbeidet med å byggje ei 110 meter bru over eit gjel i fjellsida i Loen i Stryn, som ein del av turstien Via Ferrata i området.

Via Ferrata er eit italiensk omgrep som tyder klatresti, og som blir brukt om turvegar på fjell med faste sikringsmiddel og bruer.

Dei første Via Ferrata-rutene vart bygd i Dolomittane i Italia under første verdskrigen for at militære skulle kunne ta seg lettare fram. I dag er det eit nett av slike klatrestiar i mange land, som gjer det mogleg å klatre i bratte fjell under trygge forhold. I Noreg finst det Via Ferrata-stiar i Hemsedal, Lom, Odda, Leksvik og altså i Loen i Stryn, ifølgje Wikipedia.

Annonse

Ruta i Loen vart opna våren 2012 og går til toppen av fjellet Hoven 1010 meter over havet. Onsdag morgon starta jobben med å byggje ei aluminiumsbru som er andre byggjesteg i prosjektet, skriv avisa Firda. Nær 10 tonn utstyr vart frakta opp i fjellsida med helikopter. Første arbeidsoppgåve er å bore hol i fjellet for å forankre brufesta på kvar side av gjelet. Den 110 meter lange brua skal stå klar om fjorten dagar. (©NPK)

Neste artikkel

Nikkersbu eller proletarpalass?