Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeturismebedrifter melder om god sommar

– Sommaren blei svært god for dei fleste medlemmene våre, melder Hanen, næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

Mange bygdeturismebedrifter melder om ein god sesong denne sommaren. Foto: Ole Jonny Trangsrud

I ei nettundersøking Hanen har gjort blant medlemmene sine svarer 88 prosent at sesongen har vore betre eller like bra som i fjor, fortel Hanen i ei pressemelding.

– Sommaren blei svært god for dei fleste medlemmene våre, og sesongen er særleg viktig for dei som tilbyr overnatting, servering og aktivitetar, seier dagleg leiar i Hanen Bernt Bucher-Johannessen.

– Aukande interesse for bygdeopplevingar og lokalprodusert mat, og gunstige valutakursar er nok noko av forklaringa på høge besøkstal og god omsetnad., seier han.

Annonse

Svarprosenten i undersøkinga var på 45 prosent. Undersøkinga blei gjennomført i august med svarfrist 1. september, noko som gjer at ikkje alle verksemder får med heile sommarsesongen. ©NPK

Neste artikkel

Forsinket levering av nytt hurtigruteskip – flere tusen passasjerer rammes