Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Butikkane sel meir økologisk mat i 2012

Salet av økologisk mat i daglegvarehandelen auka med 11 prosent frå 2011 til 2012, syner tal frå Statens landbruksforvaltning.

Regjeringa si målsetning er at 15 prosent av matomsetninga skal vera økologisk innan 2020. I dag er talet om lag éin prosent.

Samstundes satsar daglegvarekjedene ytterlegare på priskutt på økologiske varer denne hausten, som kan gi ytterlegare salsauke.

- Hovudfunna i rapporten er at omsetninga av mat held fram med å auke, etter ein nedgang i 2010, seier seniorrådgivar ved SLF, Elin Røsnes.

Ho seier det er nokre varer som peiker seg ut, som barnemat og egg.

Kiwi kuttar «momsen»Kiwi sin kampanje, der kjeda sjølv slår av prisen på økologiske produkt tilsvarande matmomsen på 15 prosent vart sett i gang i veke 43. Butikkjeda har per i dag 120 økologiske varelinjer i alle Kiwi-butikkane, og nokre fleire varer i større Kiwi-butikkar.

Administrerande direktør i Kiwi, Jan Paul Bjørkøy, seier matkjeda alt har merka auka interesse og sal hos forbrukarane. I ei undersøking i januar i år svarte berre ein av åtte at det er viktig at maten dei kjøper er økologisk. Samstundes har økomat aldri vore billegare.

- Talet på selde varer auka med 55 prosent i veke 43 samanlikna med veka før, seier Bjørkøy.

Han peiker på priskutt i butikk og sterkare fokus generelt på økologiske varer som årsaker til salsauken.

- Daglegvarekjedene har det siste året kutta prisane på økologiske varer.

Annonse

Les også: Forskarar kranglar om økologisk jordbruk

- Hos oss aukar særleg salet av frukt og grønsaker mest, i tillegg er det salsauke på tørrmat, barnemat og meieriprodukt. Innanfor ferskt kjøtt-kategorien er det vanskeleg å få nok forsyningar. Me kunne seld meir om me hadde hatt tilgang på fleire produkt og større volum, og håpar produsentane vil gire opp produksjonen etter kvart som salet aukar, seier Bjørkøy.

Handlar på gamal vaneOgså Rema 1000 har merka auka etterspurnad etter at kjeda senka prisen på økologisk mat.

Les også: Høgre: Økomat-mål er urealistisk

- Me ser at folk vel økologisk når prisen er ganske lik med dei konvensjonelle produkta, men at det ikkje skal så mykje til i prisforskjell før folk vel konvensjonell mat. Mykje handlar også om gamal vane, at folk kjøper det dei er vande med å kjøpe, seier kommunikasjonsdirektør i Reitangruppen, Solfrid Flateby.

Røros Kjøtt har fått leveranseavtale med Rema 1000 i Oslo og Midt-Noreg, og leverer økologiske karbonadar, kjøttkaker og hakkebøff. Les meir om samarbeidet i eavisa til Nationen for torsdag 8. november. Eavisa kan kjøpast her.

Neste artikkel

Matindustriens hemmeligheter