Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brekk: - Me har sytt for betre økonomi for bonden

Landbruk- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) måtte svare om skatteordningar i spørjetimen.

Under spørjetimen i Stortinget onsdag fekk Landbruk- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) spørsmål om skatteordningar i landbruket.

Borghild Tenden (V) meiner Sp har sett bort frå bøndene i skattepolitikken, og peika på at Senterpartiet i eiga program skriv at partiet vil leggje til rette for gründerar som ønskjer å investere i eigen arbeidsplass. Det meinte ho regjeringa ikkje har gjort.

- Det er noko Norskog og Bondelaget har etterlyst, sa Tenden.

Brekk sa dei hadde ulike verkemiddel.

- Regjeringa har innført eit utvida jordbruksfrådrag og endringa i avskrivingsreglane fører til betre økonomi for bonden, noko som sikrar aktivitet og skapar mattryggleik, trygg mat og trygge produkt, sa han.

Annonse

- Ei betydeleg endringSvein Flåtten (H) i Næringskomiteen spurte om statsråden delte oppfatninga til Høgre om at tiltak på skattesida kan stimulere norsk landbruk og skape optimisme i næringa.

- Me har lagt fram forslag om å endre avskrivingssatsane i jordbruket. 300 millionar kroner er ei betydeleg endring for dei som investerer i norsk matproduksjon. Me har også tatt vekk matproduksjonsavgifta, som sikrer gode prisar for bonden og reduserer kostandane i verdikjeda, sa Brekk.

- Får auka skatt

Rigmor Andersen Eide (KrF) hevda trygdeavgifta gjer at bønder med låg inntekt får auka skatt, sidan dei ikkje får utnytta jordbruksavdraget, og lurte på om statsråden meinte det var god jordbrukspolitikk.

Brekk meiner den raudgrøne regjeringa har lagt opp til ein god landbrukspolitikk.

- Me har kompensert ordninga gjennom jordbruksavtalen, sa han.

Neste artikkel

Debatten var det tredje mest sette programmet tysdag: – Bra vi fekk sette landbruk på dagsorden