Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondeturisme satsar på tyskarane

Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innalandsfiske i Noreg kastar seg inn i den harde konkurransen om tyske turistar.

– Kampen om kundane er for tida veldig tøff i Tyskland. Det seier dagleg leiar i Organisasjonen HANE, Bernt Bucher Johannessen. Organisasjonen har fått omsett nettportalen sin til tysk. Foto: Colourbox

– Kampen om kundane er for tida veldig tøff i Tyskland, og da må vi satse ekstra der fordi vi veit at våre tilbod i Bygde-Noreg framleis er populære blant tyskarane. Det seier dagleg leiar i Organisasjonen HANE, Bernt Bucher Johannessen.

Organisasjonen har fått omsett nettportalen sin til tysk og deltok på Grüne Woche i Berlin i januar, der dei også lanserte ein større konkurranse med reiser til norske destinasjonar som premie. Omsetjinga av nettsida meiner dagleg leiar Bucher Johannessen er ein føresetnad for å lukkast.

Annonse

– Den tyske marknaden er og har vore ein viktig marknad for medlemmene våre. Kampen om kundane er for tida veldig tøff i Tyskland, og da må vi satse ekstra der fordi vi veit at våre tilbod i Bygde-Noreg framleis er populære blant tyskarane. Men vi er nøydde til å vere synlege og tilpasse oss. Gode nettsider på tysk er ein føresetnad, seier Bucher Johannessen.

Neste artikkel

DNT reagerer på Nordkapp-vedtak