Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder ut mot auka biokrav

Bondeorganisasjonane er kritiske til at miljøvernministeren vil hurtiginnføre krav om meir bioinnblanding i drivstoff.

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) ønskjer debatten velkommen.

Rapportane frå fleire hald om at utanlandske selskap kjøper opp jordbruksjord i u-land i stor stil, blir møtt med stor bekymring i norske bondeorganisasjonar.

Dei går nå ut med støtte til Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon Spire, som i Nationen fredag stilte krav om at regjeringa må snu og droppe auka krav til bioinnblanding i drivstoffet.- Styresmaktene kan ikkje auke innblandingskravet om det fører til at endå meir jordbruksjord blir tatt ut av matproduksjonen. Ein må passe på at ein ikkje skaper eit nytt og større problem i forsøket på å løyse eit anna, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag. - Må ikkje gå for raskt

Nationen skreiv torsdag at ein rapport frå Verdensbanken viser at omfanget av såkalla «landgrabbing», eller jordran på norsk, er tidobla på eitt år.

Dyrking av råstoff til biodrivstoff får skulda, noko som har blitt lønsamt etter at både EU, Norge og andre rike land stiller krav om meir biodrivstoff.

Annonse

Ifølgje ein rapport frå Miljøorganisasjonen Friends of the Earth er heile 50 millionar mål jord kjøpt av firma for å dyrke biodrivstoff. Det arealet er fem gonger større enn Norges samla jordbruksareal. Organisasjonen krev at EU revurderer biodrivstoffmålet.Her i landet vil Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) auke bioinnblandinga til fem prosent samla i alt drivstoff innan 1. juli neste år.

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) vil framskunde kravet til 1. januar. Det møter nå motbør frå fleire hald.- Eg vil åtvare mot å gå for raskt fram her. Dersom ein aukar innblandingskravet for raskt vil det skape ein kunstig høg pris på råvarene, noko som igjen kan føre til at jorda blir teken frå fleire fattige bønder. Der går det ei grense, seier nestleiar Modulf Aukan i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. - Ikkje endeleg avgjort

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) vedgår at kravet om auka innblanding av biodrivstoff kan ha uheldige effektar, som å stimulere til at utanlandske selskap kjøper opp matjord i stor stil i fattige land.- Det kan vere ein fare for at slikt kan skje. Samtidig kan det også føre til at matprisane går opp, noko som kan vere bra for fattige bønder. Det er komplisert å vurdere kva utslaga av auka innblandingskrav blir, men samtidig ser vi at land som Brasil får til å dyrke planter til biodrivstoff utan at det går ut over matproduksjonen, seier Solheim.- Bør de ikkje vurdere konsekvensane før de aukar innblandingskravet?

- Det er ikkje gjort fordi det er så vanskeleg å vurdere korleis det slår ut. Eg meiner også det blir feil at biodrivstoff skal få heile støyten her, når ein også kan spørje kva konsekvensane av auka kjøttproduksjon eller dyrking av kaffi og bomull gir, seier Solheim.- Kor stort jordbruksareal krev fem-prosentskravet?- Om det berre blir innført i Norge så vil det ikkje krevje så stort areal, men eg veit ikkje kor mykje.- Vil du revurdere saka?- Vi har ikkje tatt ei endeleg avgjerd ennå. Eg vil ønskje debatten velkommen, og så tar vi informasjonen med oss vidare i vurderinga, seier Solheim.

Neste artikkel

Matforsyning: Vil satse meir på avansert biodrivstoff