Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder må førtidsslakte høner for å dempe overskot på egg

Vil unngå å få over 1000 tonn egg for mykje neste år.

Prognosane for egg, som blir laga av marknadsregulator Nortura totalmarked, viser ein produksjonsvekst på tre prosent og eit overskot på 1100 tonn neste år.

Les også: Nortura varslar massivt overskot på egg i 2013

Eggbransjen, som har investert for nærare to milliardar kroner i nye hønehus dei siste åra, er bekymra.

Dei håper å unngå overskot på egg med påfølgjande prispress.

Innfører førtidsslakting

Situasjonen har fått rådet for frivillig førtidsslakting, der representantar frå Nortura og Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund er med, til å vedta førtidsslakting av verpehøner over nyttår.

Les også: Utval vil ta bort målpris på lam og egg

Førtidsslaktinga blir gjennomført frå veke 1 til veke 10.

- Prognosen for 2013 viser eit overskot av egg, og det er derfor nødvendig å gjennomføre tiltak for å regulere marknaden, heiter det i ei melding til eggprodusentane.

Annonse

Bøndene får høgare omsetningsavgift

Tapt eggleveranse blir kompensert med 7,80 kroner pr kilo egg ut frå leveransen for dei fire siste vekene før avliving.

Kompensasjonen blir finansiert av bøndene sjølv gjennom omsetningsavgifta, som blir betalt ved levering av egga.

Les også: Dioksinfunn i tyske egg rett før påskehelga

Omsetningsavgifta for egg er vedtatt auka med 10 øre pr kilo til totalt 80 øre pr kilo egg frå nyttår.

Sju prosent vekst til nå i år

Statens landbruksforvaltning (SLF) melde rett før helga at talet på klekte verpekyllingar var på 736.000 i oktober, ein auke på 26 prosent frå september.

Veksten er på heile 62 prosent frå oktober i fjor. Veksten bidreg til at den akkumulerte produksjonen så langt i år er sju prosent høgare enn i same periode i fjor, skriv SLF.

Neste artikkel

Ulltveit-Moe ber kjøttprodusenter starte med grønnsaker