Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder får 500.000 kr meir i skatt

Skatteendringa etter fjerning av arveavgifta gir stor skatteauke for bønder og andre næringsdrivande, viser ei ny undersøking.

Skattesmell: I 38 av 38 undersøkte gardsoverdragingar vil skatteendingane som blei innført frå nyttår gi kraftig auke i skattebelastninga etter generasjonsskifte. Det viser ein ny rapport frå Ernst & Young bestilt av Bondelaget. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Skattesmell: I 38 av 38 undersøkte gardsoverdragingar vil skatteendingane som blei innført frå nyttår gi kraftig auke i skattebelastninga etter generasjonsskifte. Det viser ein ny rapport frå Ernst & Young bestilt av Bondelaget. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Skatteendringane som blei innført frå nyttår då arveavgifta blei fjerna har gitt mange næringsdrivande betydeleg nettoauke i skattar og avgifter. Det viser ein rapport frå revisjonsfirmaet EY, før Ernst & Young.

Normaltapet for gardsbruk blir rekna til 500.000 kroner medan eit normaleksempel for næringseigedom viser eit samla skatte- og avgiftstap på nær 400.000 kroner.

Arveavgift og skattesmell

Arveavgifta blei avskaffa ved nyttår. Parallelt blei det innført såkalla kontinuitet som hovudprinsipp for enkeltpersonføretak.

Før kunne maskinar, dyr, varelager og driftsbygningar skrivast opp til full marknadsverdi ved eigarskifte.

Heretter skal berre driftsbygningar, som kjem inn under definisjonen «alminneleg gardsbruk», kunne skrivast opp til 75 %. Maskinar, dyr og varelager kan ikkje skrivast opp.

Det gir kraftig reduksjon i avskrivingsgrunnlaget og høgare skatt.

– Vi har rekna på effekten i heilt konkrete tilfelle. Alle tilfella viser at nettoeffekten av skatte- og avgiftsendringane gir betydeleg auka skatte- og avgiftsbelastning. Effekten er større dess større drifta er, og tapa varierer mykje, men nettoeffekten er gjennomgåande negativ heile vegen, seier advokat og siviløkonom Arvid Gusland i EY, som har laga rapporten på oppdrag frå Norges Bondelag.

– Halv million pr gard

38 ferske gardsoverdragingar i Nord-Norge, Trøndelag og på Austlandet er undersøkt. Rapporten viser ein samla netto skatte- og avgiftsauke på frå 200.000 til over 1,1 millionar kroner om generasjonsskifte hadde skjedd under nytt skatte- og avgiftsregime etter nyttår i staden.

– Tala varierer, men i snitt er nettoeffekten typisk rundt ein halv million kroner i auka skattebelasting over tid. Det er betydelege beløp sett i forhold til verdien på bruka. Skatteskjerpinga er i alle tilfella langt større enn fordelen av at arveavgifta blei fjerna, seier Gusland.

Finansminister Siv Jensen (Frp) har tidlegare innrømt at bønder vil få auka skatt som følgje av omlegginga. Skatteendringane førte også til at regjeringspartia fekk sterk kritikk frå eigne rekkjer.

Rammar òg andre næringar

Rapporten viser også at næringseigedom organisert i enkeltpersonføretak kjem omtrent like dårleg ut av omlegginga som gardsbruk. I tre undersøkte tilfelle varierer effekten frå 145.000 til nær 1,6 millionar kroner i netto skatteauke. Normaleksempelet viser 400.000 kroner i auka skatt.

For eit gartneri, som ikkje kjem inn under unntaksregelen, er noverdien av skatteauken rekna til nær 2,7 millionar kroner.

"Paradoksalt nok blir dei største bruka, som regjeringa vil ha fleire av, hardast ramma."

Arnstein Tveito, avdelingssjef i Bondelaget
Annonse

– I landbruket gir omlegginga gjennomgåande stor skatteauke. I fleire tilfelle utanom landbruket, der det er kapitalintensiv verksemd i enkeltpersonføretak, vil skatteomlegginga også ha stor effekt, seier han.

EY finn ikkje statistikk som er god nok til å rekne ut ein samla effekt av skatteomlegginga for landbruket. Dei skriv derimot i rapporten at ut frå tilfella som viser gjennomgåande negativ og dels betydeleg effekt "må vi imidlertid anta en stor total provenyeffekt av endringene over tid".

Vil ha reglane slik dei var før

Avdelingssjef Arnstein Tveito i Norges Bondelag seier dei ønskte ei uavhengig vurdering.

– Rapporten bekreftar våre tidlegare utrekningar. I normaltilfella aukar skatten over tid meir enn 500.000 kroner sidan sjansen til å oppskrive verdiane ved generasjonsskifte i stor grad blir fjerna. Det rammar den yngre generasjon som skal overta. Kapasiteten til å investere blir mindre og gjeldsbyrda større. Paradoksalt nok blir dei største bruka, som regjeringa vil ha fleire av, hardast ramma, seier Tveito.

Han seier konsekvensane av endringa umogleg kan vere tiltenkt. Bondelaget vil krevje kompensasjon, og ser helst at reglane blir endra til slik dei var før.

– Det enklaste er å la reglane vere slik dei var. Stortinget har sagt det er avgjerande å sikre at fjerninga av arveavgifta ikkje blir ei byrde for landbruket. Det må regjeringa følgje opp, seier han.

I budsjettforliket på Stortinget vart regjeringa beden om å gjennomgå skattereglane for bønder i lys av endringane knytt til arveavgifta. Framlegginga skal skje i revidert statsbudsjett 14. mai.

Neste artikkel

Rekruttering, men ikke for enhver pris