Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondeorganisasjonane delvis nøgde etter møte med Erik Solheim

Bondeorganisasjonane og Landbruksdepartementet vurderer begge dialogmøte med miljøvernminister Erik Solheim som bra, men dei seier det trengst fleire møter.

- Det var eit godt møte, men vi må ha fleire slike. Alle konfliktar vart ikkje fjerna i dette møtet.

Slik oppsummerer statssekretær Harald Buttedahl (Sp) i Landbruksdepartementet gårdagens dialogmøte mellom bondeorganisasjonane og miljøvernminister Erik Solheim (SV) om oppfølginga av rovviltforliket.

Buttedahl, som deltok på møtet i landbruksminister Lars Peder Brekk sitt fråver, får støtte frå leiar Nils T. Bjørke i Bondelaget, leiar Merete Furuberg i Bonde- og Småbrukarlaget og leiar Ove Ommundsen i Sau og Geit.

Både bondeorganisasjonane og landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) har kome med krass kritikk mot Solheim etter eit vedtak frå Miljøverndepartementet om å overstyre dei regionale rovviltnemndene og redusere gaupekvotane i tre rovviltregionar.

Les også: Meir gaupebråk: Rovviltnemder krevjer betre innsyn i rovdyrtal

- Det var eit positivt møte med god tone, og eg oppfatta Solheim som open og lyttande. Det er likevel ei utfordring å få han til å skjøne korleis vedtaka frå Miljøverndepartementet vert oppfatta ute i regionane, seier Bjørke.

På Bondelaget sine nettsider skriver organisasjonen følgjande etter møtet måndag:

- Det skjedde litt raskt da Miljøverndepartementet reduserte gaupekvota vedtatt i tre rovviltnemnder.

Innrømminga skal iføgje Bondelaget ha kome under møtet. Samd i hovudbodskap

Solheim var også nøgd med dialogmøtet i går og seier partane fekk gått gjennom fleire av tema som har vore omstridde.

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) har fått kritikk frå fleire hald for oppfølginga av rovviltforliket.

Annonse

- Bondeorganisasjonane hadde to hovudbodskapar. Det eine er at vi må leggje til rette for at dei lokale rovviltnemndene kan ta reelle avgjerder. Det har eg som mål at vi skal få til, og eg trur vi får eit betre grunnlag for det framover når det skal gjerast reelle vurderinga av gaupebestanden etter jaktsesongen, i staden for før, slik det har vore gjort til no, seier Solheim.

Les også: Rovdyrforliket: Full krangel om gaupe i regjeringen

Det andre hovudtemaet var raskt uttak av skadevaldande dyr i prioriterte beiteområde.

- Det er det også målet vårt at vi skal få til. Vi skal ha ubyråkratiske og raske prosessar når rovdyr valdar skade eller med stort sannsyn kan valde skade, seier Solheim. Står att konfliktar

Buttedahl og bondeorganisasjonane oppfattar også at partane står nærare kvarandre på nokre punkt etter møtet, men påpeikar likevel at det står att nokre konfliktfelt. Furuberg reagerer mellom anna på det ho oppfattar som Miljøverndepartementet si forståing av kva rovvilt som skal definerast som «potensielle skadegjerarar i prioriterte beiteområde».

- Det verkar som at departementet legg til grunn at ein ulv må ha gjort skade for å vurderast som potensiell skadegjerar og kunne takast ut, seier Furuberg.

Les også: Rovviltforliket: Her er hele teksten

Furuberg syner til at rovviltforliket seier det i prioriterte beiteområde ikkje skal vere rovdyr som representere eit skadepotensial, og meiner definisjonen er klar.

- Vi som har erfaringar frå ulevåtak veit jo at ulven er ein lystdrepar. Det er utopi å tru at ein ulv i beiteområde ikkje er ein potensiell skadegjerar, seier ho.

Neste artikkel

Fylkesleiar i Bondelaget vil ha tydelegare signal frå Arbeidarpartiet om inntektsgapet