Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaga meiner det er uansvarleg ikkje å auke matproduksjonen

Både Bondelaget og Småbrukarlaget reagerer kraftig på at landbruksminister Lars Peder Brekk seier det er dyrt og vanskeleg å auke matproduksjonen i Norge.

Matbehovet i verda veks sterkt. Landbruksministeren vil først og fremst bidra med kunnskap og u-hjelp, ikkje auka produksjon.

Bondeorganisasjonane har lenge hevda at norsk landbruk er ein del av løysinga og at regjeringa i den komande landbruksmeldinga må vedta offensive produksjons- og sjølvforsyningsmål.

- Uansvarleg om det ikkje blir auka matproduksjon, seier småbrukarlagsleiar Merete Furuberg.

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) vil ikkje kommentere kva mål regjeringa vil setje seg på sjølvforsyning. Han seier det først og fremst er innan kunnskap og u-hjelp at Norge kan bidra til å betre matforsyningssituasjonen i verda.

- Norge er ein liten aktør innan matproduksjon. Vi produserer mat til vår eiga befolkning, og vi er nær 100 prosent sjølvforsynt på dei felta der vi har gode naturlege føresetnader. Det vi først og fremst kan bidra med i den internasjonale situasjonen er kunnskap og u-hjelp. Der er vi ein stor aktør med påverknadskraft, seier Brekk til Nationen.

Fond til utvikling av frøEin måte Norge kan bidra er gjennom å vri uhjelpa på ein prosent av bruttonasjonalprodukt meir over mot matproduksjon og landbruk, ifølgje Brekk.

- U-hjelpa må bli meir målretta mot mat og landbruk, seier han.

Samtidig trekkjer han fram den sentrale rolla Norge har hatt ved oppretting av det internasjonale frøhvelvet på Svalbard der 600.000 frøsortar skal vere sikra for komande generasjonar.

- I tillegg har Norge ein pådrivarrolle for å samle inn pengar til eit internasjonalt fond som skal bidra til sortsutvikling av frø og gjere klimarobuste frø tilgjengelege i fattige land, seier Brekk.

127 land har ratifisert Plantetraktaten der eit såkalla «benefit-sharing»-fond skal sikre fri tilgang til forskings- og foredlingsmateriale. Det norske bidraget til fondet utgjer 0,1 prosent av såvareomsetninga i Norge, og Brekk leiar den globale kronerullinga.

- Fryktar matprisane aukarLandbruksministeren seier matprisar og matforsyning spelar ein langt større politisk rolle i verda enn for berre få år sidan.

- «Den arabiske våren» og endringane som har skjedd i mange land starta av at folk ikkje fekk nok mat og at prisane hadde gått kraftig opp. I tillegg meiner eg at mat var ei medverkande årsak til finanskrisa, seier Brekk, og viser til sterk auke og påfølgjande store svingingar i matvareprisane då tilgangen på mat blei knapp.

Brekk seier matvareprisen i aukande grad er knytt opp til energisituasjonen globalt.

- Knapp tilgang på energi gjer at eg fryktar ytterlegare prisoppgang på matvarer, seier han.

Brekk: - Lite vekstpotensialNorsk matproduksjon har avgrensa potensial, ifølgje Brekk.

- Vi er store på fisk, men innan landbruk er vi veldig små. Vi kan ikkje produsere store mengder. Norsk landbruksproduksjon er meir eit solidarisk spørsmål. Vi kjøper iallfall ikkje mat av land som har for lite, seier han.

Annonse

- Vil ikkje auka norsk produksjon vere eit bra bidrag?

- Jau, men vi er nær fullt sjølvforsynt på mjølk, storfe og lam. Norge er eit utfordrande land å produsere i. Kostnadene er av verdas høgaste og eksport går ikkje. Vi har meir å bidra med på område som kunnskap og u-hjelp, seier Brekk.

- Styresmaktene må vakne

Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag reagerer kraftig på at landbruksminister Lars Peder Brekk seier det er lite vekstpotensial innan matproduksjon i Norge og at Sp-statsråden uttaler at det er dyrt og vanskeleg å produsere landbruksvarer her i landet.

- I ein situasjon med der befolkninga i verda eksploderer og behovet for meir mat veks kraftig, så er det uansvarleg om regjeringa ikkje vil investere i eigen matproduksjon. Norsk styresmakter må vakne, seier Furuberg.

Ho vedgår at Norge er eit høgkostland, men ho seier at potensialet for auka produksjon er stort.

- Vi har både råd og plikt til å investere i auka matproduksjon, og potensialet for å ta i bruk meir av gras- og beitearealet er stort. Meir matproduksjon basert på norske ressursar gjennom beiting er både ein effektivt og svært miljøvenleg måte å bidra til auka matproduksjon i verda, seier ho.

- Gode vekstvilkår i Norge

Furuberg stiller også store spørsmål ved at Brekk kan seie at Norge har ein av dei høgaste sjølvforsyningsgradane i verda.

- Så vidt eg veit viste dei siste tala for sjølvforsyning på rundt 45 prosent når ein korrigerer for importerte fôrråvarer. Eg har heller knapt funne noko land som har mindre dyrka jord per innbyggjar enn dei 1,7 måla vi har per person i Norge, seier Furuberg.

Leiaren av Småbrukarlaget meiner tvert imot at Norge har svært gode naturgitte vilkår for landbruksproduksjon.

- Vi har lyse somrar som gir svært gode bær og grønsaker, store beite- og utmarksressursar og svært gunstige vilkår med tanke på å unngå sjukdom på dyr og avlingar. Naturvilkåra er gode og potensialet for auka produksjon er stort. Det einaste det står på er politisk vilje, seier Furuberg.

Bjørke: - Politisk vilje

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier også at det står på politisk vilje.

- Vi ventar framleis at regjeringa minst vil ha som mål å behalde dagens sjølvforsyningsgrad og dermed auke matproduksjonen i takt med folketalet. Ved å la produksjonen halde tritt med folkeveksten bidreg vi iallfall ikkje til å forsterke utfordringane verdssamfunnet står over, seier Bjørke.

- Vi må ha eit tollvern og ei inntekt som gir rom for å nytte ressursane og auke produksjonen, seier Bjørke.

Neste artikkel

Elin Ørjaseter mener at pelsdyrbøndene bør få full kompensasjon