Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondeinntekta kjem i aukande grad frå sal av mat og mindre frå statlege tilskot

Bøndene må i stadig større grad stole på vekst i produksjon og prisar for å ha til brød på bordet.

Tilskota som går til bønder over statsbudsjettet auka med 463 millionar kroner frå 2000 til 2010, eller 5 prosent på 10 år.

I same tidsrom auka inntektene frå sal av kjøtt, mjølk, korn og andre jordbruksvarer med over 6000 millionar kroner. Det er heile 13 gonger meir enn veksten i tilskota. Det viser tal henta frå Budsjettnemnda for jordbruket.

Les totalkalkylen for inntektene i jordbruket.

Stadig meir frå marknadenForskarar, bondetoppar og politikarar seier tala viser at jordbruket blir stadig meir styrt av marknaden. Ifølgje professor Reidar Almås i Bygdeforskning bryt tala òg ned mytar om jordbruket.

- Om du spør folk på gata, vil nok mange seie at bøndene blir stadig meir avhengige av statsstøtte. Her ser vi derimot at utviklinga går i motsett retning. Mytane blir avkrefta. Bøndene hentar mesteparten av inntektene i marknaden, og marknaden styrer stadig meir, seier Almås.

Les også: Strid om auka kostnader bak bondeinntekt

Etter sterk vekst i marknadsinntektene, særleg etter 2006, kjem nær tre firedelar av dei samla inntektene i primærjordbruket frå sal av varer i marknaden. Tilskota på statsbudsjettet har auka langt mindre enn prisveksten elles i samfunnet.

Annonse

- Det er ei kjent sak at stadig mindre av Statsbudsjettet går til jordbruk. Grunnen til at det ikkje har prega debatten meir er kanskje at det har vore sterk rasjonalisering i jordbruket. Det blir færre bønder att å dele tilskota på. Dermed merkar ein ikkje nedgangen så godt, seier Almås.

- Dårleg nytt for distriktaBygdeprofessoren seier det ligg politiske val bak utviklinga. Bøndene hentar ikkje berre stadig meir av inntekta frå sal av varer i marknaden. Stadig fleire må òg ut i arbeidsmarknaden for å få lønsinntekt, ifølgje Almås.

Han seier at landbruket ser ut til å tape dragkampen og det politiske spelet om budsjettmidlar, og at politisk samansetning av regjeringa fram til i dag har hatt mindre å seie for utviklinga.

Les også: Ber Brekk rydde opp i utrekning av bondeinntekt

- Konsekvensane er at jordbruket på eitt vis blir meir robust for politiske endringar. Meir marknadsinntekter gagnar store gardsbruk som driv marknadsnært og i område med låge kostnader. For små gardsbruk og for distriktsjordbruket er ikkje endringane godt nytt, seier Almås.

Medan leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag ikkje er udelt nøgd, er Høgre glad for endringa. Les meir i eavisa til Nationen for onsdag 25. april, som kan kjøpes her

Neste artikkel

Bergljot har hatt samme gartneri-jobben i over 70 år