Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bollestad: – Eg har moka drit

Den ferske ministeren fortalde at ho er godt budd på statsrådsjobben då ho fekk ta over nøklane til departementet.

Olaug Bollestad vil ta støvlane på seg og vitje landbruksnæringa no når ho var blitt minister. Foto: Siri Juell Rasmussen
Olaug Bollestad vil ta støvlane på seg og vitje landbruksnæringa no når ho var blitt minister. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Eg har moka drit, for å seie det rett ut, og det er eg budd på å gjere igjen, seier ho.

Det første ho vil gjere er å ta på seg støvlane og kome seg ut for å møte landbruksnæringa, har ho sagt til NTB.

– Lukke til

Annonse

Bård Hoksrud hadde sjølv nokre ord å seie om at han no forlet Landbruks- og matdepartementet:

– Det er mykje forskning og mykje teknologi som er spennande, så difor skulle eg gjerne ha fått lov til å halde fram. Men eg ønskjer deg lukke til, sa Hoksrud til Bollestad.

Bollestad meinte at landbrukspolitikken vil vere attkjenneleg politikk for henne, fordi KrF har ligge på vippen i Stortinget.

– Eg kjenner næringa godt frå Rogaland. Eg har vore i mange fjøs og mange drivhus. Men vi må tenkje heile landet, ikkje berre Rogaland, seier ho.

Neste artikkel

Noah krev konsekvensar etter geitegard-avsløring