Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bjørke hardt ut mot skatteskjerpingar

I talen til årsmøte gjekk leiar Nils T. Bjørke hardt ut mot at regjeringa har auka skattar og avgifter for bønder. Og statsministeren fekk kritikk for å ha slept "reven inn i hønsegarden".

– Høgre og Fr hevda i valkampen at økonomien skulle styrkast gjennom skatte- og avgiftslette. Så langt har det vorte ei kraftig skatteskjerping, sa leiar Nils T. Bjørke i talen til årsmøte i Norges Bondelag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
– Høgre og Fr hevda i valkampen at økonomien skulle styrkast gjennom skatte- og avgiftslette. Så langt har det vorte ei kraftig skatteskjerping, sa leiar Nils T. Bjørke i talen til årsmøte i Norges Bondelag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Høgre og Frp hevda i valkampen at økonomien skulle styrkast gjennom skatte- og avgiftslette. Så langt har det vorte ei kraftig skatteskjerping, sa leiar Nils T. Bjørke i talen til årsmøte i Norges Bondelag.

Dieselavgift og skatt ved generasjonsskifte

Til rundt 300 utsendingar og gjester frå heile landet viste han til at auka drivstoffavgifter åleine slår ut med rundt 130 millionar kroner for landbruket årleg.

I tillegg viste han til at endringane i kjølvatnet av fjerninga av arveavgifta der sjansen til rekneskapsmessig oppskriving forsvann.

– Dette gjev ei kraftig skatteskjerping. Ernst & Young har berekna skattetapet til ca. kr 500.000 for eit gjennomsnittsbruk, sa Bjørke.

Han viste til at Svein Flåtten i Høgre før framlegginga uttalte at det ville vere "helt hinsides - om en først skal fjerne en avgift, og deretter øke skatten – slik at fordelen blir borte".

– Ja, det var no akkurat det som skjedde, sa Bjørke.

– Sanninga er at for den som overtek ein gard i 2014, vil skatten kunne auke med fleire hundre tusen kroner i løpet av oppstartsperioden. Det er konsekvensane for desse unge bøndene som skal inn i næring me er bekymra for, sa Bjørke.

Annonse

Han stilte spørsmål ved kvar Listhaugs rekrutteringsgrep og målretta skattepolitikk har blitt av, og han seier at Bondelaget ventar at skatteskjerpinga blir fjerna i revidert nasjonalbudsjett.

– Slapp reven inn i hønsegarden

Bondelagsleiaren kom også med klare stikk til statsminister Erna Solberg (H).

– Erna Solberg slapp reven inn i hønsegarden med FrP og Sylvi Listhaug i Landbruks- og matdepartementet, sa Bjørke.

Han sa at Frp har fronta langt meir ytterleggåande standpunkt.

– Klokskapen i at Høgre let FrP kjøre ei konfrontasjonsline mot landbruket stiller eg store spørsmål ved. Det er grunn til merke seg innspelet frå ordførar i Bjerkreim kommune, Marthon Skårland frå Høgre som skriv: "Hvis man skal øke matproduksjonen, så nytter det ikke å begynne med å legge ned små og mellomstore gårdsbruk. Høyre har lovet å legge til rette for lønnsom drift og økt matproduksjon, men her følger vi ikke opp det vi har lovet". Fleire høgreordførarar har følgt opp med liknande bekymringsmeldingar, det tyder på at dei er uroa for næringsgrunnlaget i eigen kommune, sa Bjørke i årsmøtetalen.

Følg Bondetinget direkte på web-tv

Neste artikkel

Rekruttering, men ikke for enhver pris