Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biomasse fra sitkagran kan bli til laksefôr

I framtida kan biomasse frå sitkagran bli brukt som fôr i oppdrettsnæringa, meiner norsk professor.

Eit nytt prosjekt ser på moglegheitene for å ta i bruk barskog som fôr til oppdrett av fisk. Foto: Dan Aamlid / Skog og landskap
Eit nytt prosjekt ser på moglegheitene for å ta i bruk barskog som fôr til oppdrett av fisk. Foto: Dan Aamlid / Skog og landskap

Professor Margareth Øverland ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet arbeider med eit prosjekt som ser på moglegheitene for å ta i bruk barskog som fôr til oppdrett av fisk, skriv NRK.

I dag importerer oppdrettsbransjen store mengder soyaprotein frå Brasil. Eitt av måla i prosjektet til Øverland er å erstatte fôrimporten med norske råvarer. Resultata til no har vist at det er fullt mogleg å bruke norsk skog til fiskemat.

– Vi jobbar med gran, men det er mogleg å bruke andre typar treslag også. Min hypotese er at laksen vil smake betre med denne type fôr, seier Øverland til NRK.

Annonse

Prosjektet har fått namnet «Foods of Norway» og har med seg store industribedrifter og fôrprodusentar på laget. Går alt etter planane kan ein ta i bruk fôr frå norsk skog allereie om ti år. (©NPK)

Neste artikkel

Mattilsynet: Lite giftig fisk på norske sushirestauranter