Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biodrivstoff tar over ein million mål matjord

Klimadirektoratet snur og frårår auka krav til biodrivstoffvolum etter nye rapportar om bruk av matjord. Alt i dag beslaglegg norske krav over ein million mål matjord i utlandet.

I dag stiller norsk styresmakter krav om at biodrivstoff skal utgjere minst 3,5 prosent av det samla drivstoffvolumet her i landet, og regjeringa vurderer å auke omsetningskravet til 5 prosent til sommaren.

Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) har tidlegare vore ein pådrivar for å auke kravet, men nå har dei kome på andre tankar.

Årsaka til det er at nye EU-rapportar sår tvil om klimaeffekten sidan indirekte effektar av endringar i arealbruken kan vere store.

- Indirekte endringar i arealbruken gjer at klimaeffekten av auka biodrivstofforbruk er meir usikker enn ein tidlegare rekna med, seier Roar Gammelsæter i Klif.

Klif tilrår derfor at kravet om auka omsetning av biodrivstoff blir lagt på vent.

Legg beslag på matjord

Dagens innblandingskrav på 3,5 prosent slår i stor grad ut i import av biodiesel produsert av raps dyrka på jordbruksareal. Ifølgje miljøorganisasjonen Zero er det rundt 7 prosent biodiesel i den dieselen norske trafikantar fyller på tanken.

Basert på avlingstal på raps og framstillingsprosent som Nationen har fått frå fagfolk, viser vår utrekning at det norske forbruket av biodiesel åleine legg beslag på 1,4 millionar mål jordbruksjord i utlandet.

Det er jord som kunne blitt nytta til matproduksjon, noko som ville vore ekstra kjærkome i dagens situasjon med rekordhøge matvareprisar internasjonalt.

Dersom kravet blir auka til 5 prosent veks arealbeslaget til 2 millionar mål matjord. Det utgjer ein femtedel av heile det norske jordbruksarealet.

I tillegg kjem matjord som blir brukt til bioetanol til bensin.

Glad for snuoperasjon

Miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire er svært glad for at Klif snur og vil vente med auka krav til biodrivstoff.

- Det er kjempeflott, og klokt av Klif, seier leiar Christian Bull.

Han peiker på at auka etterspørsel etter biodrivstoff som følgje av nye lovpålegg kan ha negativ effekt på matforsyninga og at resultatet kan bli høgare matprisar internasjonalt.

Annonse

I tillegg peiker han på faren for at fattige bønder blir fortrengt frå jorda si av selskap som vil dyrke råvarer til biodrivstoff, og indirekte effektar av arealbruk gir usikker klimaeffekt.

- I staden for å bruke matjord i utlandet bør vi heller bli meir sjølvforsynte ved å bruke biogass til drivstoff, og ikkje minst redusere transportbehovet, seier han.

Han meiner også det er ein stor mangel ved berekraftkriteria for biodrivstoff at det ikkje blir tatt omsyn til menneskelege og sosiale aspekt, berre klima og miljø.

Liker dårleg bruk av matjord

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje begeistra over at over ein million mål jordbruksjord blir brukt til biodrivstoff, og dei utelukkar på ingen måte at det bidreg til at dei internasjonale matvareprisane er rekordhøge for tida.

- 1,4 millionar mål er ein del, iallfall om alle andre land hadde gjort det same. Biodrivstoffkravet får innverknad på matprisane, og for dei som blir ramma i fattige land er det dramatisk, seier leiar Nils T. Bjørke i Bondelaget.

- Vi må bruke alt jordbruksarealet til matproduksjon. Det er særleg viktig i den prekære situasjonen verda er i nå, seier leiar Merete Furuberg i Småbrukarlaget.

Begge meiner det i staden må stimulerast til bruk av skog til biodrivstoff, og at konsekvensane av bruk av dyrka jord er for usikre.

- Det må iallfall sørgast for at matproduksjonen ikkje blir skadelidande, seier Bjørke.

Vil ha meir biodrivstoff

Klimastiftinga Zero er skuffa over at direktoratet ikkje vil tilrå auka krav til biodrivstoff, og dei håper regjeringa ikkje høyrer på rådet.

- Omsetningskravet er eit viktig klimatiltak, og dersom ein går bort frå auka krav blir rammevilkåra uforutsigbare, seier avdelingsleiar Gøril Andreassen.

- Er det uproblematisk at det norske kravet legg beslag på over 1 million mål jord i utlandet i dagens matvaresituasjon?

- Ein må rekne med at det går med ein del areal til å lage fornybar energi, og vi meiner at det må vere rom både for matproduksjon og å auke arealet til biodrivstoff. Og så må vi gjere det vi kan for å produsere meir på mindre areal, seier Andreassen.

Nationen fekk ikkje kommentar frå Miljøverndepartementet i går.

Neste artikkel

SV vil prioritere å tette inntektsgapet i eventuelle forhandlinger