Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Beslagla nær hundre ulovlege hummarteiner

Under ein kontroll beslagla kystvakta i alt 92 ulovlege hummarteiner mellom Molde mot Ålesund.

Beslagla nær 92 ulovlege hummarteiner mellom Molde mot Ålesund. Foto: Colourbox
Beslagla nær 92 ulovlege hummarteiner mellom Molde mot Ålesund. Foto: Colourbox

– Det er ikkje ofte vi beslaglegg så mykje på ein kveld. Ofte kan vi finne 10 til 30 teiner gjennom ein trevekersperiode, seier skipssjef Stig Mortensen til Sunnmørsposten.

Kontrollen starta søndag kveld og det største beslaget blei gjort i Tomrefjorden i Romsdal. Dei rundt hundre teinene blir sannsynlegvis destruerte.

– Det dreier seg om utstyr til titusenvis av kroner som blir borte, seier Mortensen.

Annonse

Hummarbestanden langs norskekysten har vore sterkt redusert, men skipssjefen seier det har vore ei betring i bestanden den siste tida.

– Det er trist at sløvskap eller mangel på kunnskap skal øydeleggje ei positiv utvikling, seier Stig Mortensen.

Neste artikkel

Hipstertrend gjer hummaren dyrare