Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Auka sal av norske ferdigvarer gav auka tilskot

Det blei utbetalt vesentleg meir pengar til tilverka norske landbruksvarer, såkalla RÅK-varer, i første kvartal i 2015 enn på same tid i fjor.

Det er særleg pizza med kjøt som auka salet i første kvartal. Men også mjølblandingar, sjokolade og iskrem bidrog til ein auke. Foto: Colourbox
Det er særleg pizza med kjøt som auka salet i første kvartal. Men også mjølblandingar, sjokolade og iskrem bidrog til ein auke. Foto: Colourbox

Mengda RÅK-varer det blei utbetalt tilskot til auka med 21 prosent første kvartal i år, til 25.600 tonn, skriv Landbruksdirektoratet i kvartalsrapporten sin.

Totalt blei det betalt 39 millionar kroner i tilskot for slike varer. Det er særleg pizza med kjøt som auka salet i første kvartal. Men også mjølblandingar, sjokolade og iskrem bidrog til ein auke.

Annonse

Råvarekompensasjonen blir betalt ut frå Landbruksdirektoratet for å kompensere for ulikt prisnivå på jordbruksvarer i Noreg og utlandet. Ordninga legg til rette for at næringsmiddelindustrien i Noreg skal produsera industrielt tilverka jordbruksvarer basert på norske råvarer.

Neste artikkel

VM i kjedelig?