Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Årets norske jordbær er forseinka

Det er ikkje sikkert det blir nok jordbær til 17. mai, men jordbærbonde Geir Joa seier sesongen ser lovande ut.

Det som kunne blitt ein rekordtidleg jordbærsesong blir i staden litt forseinka, ifølgje jordbærbonde Geir Joa på Sola på Nord-Jæren.

- Årets fyrste jordbær blir om lag ti dagar forsinka på grunn av ein kald april, seier han.

Les også: Flere sprøytemidler i norske jordbær

Varmen som kom i mars gjorde at det låg til rette for rekordtidlege bær, men kulda i april nøytraliserte veksten.

- Det var fleire minusgrader i starten av april. Då kan me vere glade for at plantene ikkje var komne altfor langt, seier Joa.

NattefrostNattefrost er ein stor utfordring for jordbærbøndene.

- Det var krevjande, men me hadde kontroll på frosten. Me måtte dekke over bæra om natta og ta av om dagen, seier han.

Joa lovar bær til nasjonaldagen, men er usikker på kor mykje det kan bli snakk om.

- Det blir nok ikkje mykje på grunn av forseinkinga, seier han.

God sesongJordbærsesongen i fjor starta omlag to uker før normalt og var ifølgje jordbærbonde Joa svært god.

- I høve tunnel- og veksthusproduksjon var det veldig bra. Det var rett og slett den beste tunnelsesongen nokon gang, seier han.

Han trur sesongen i år blir bra, sjølv om dei første bæra blir litt forseinka.

Les også: Forsker mener klimaendringer kan føre til slutten på norske jordbær

Annonse

- Alt eg har hausta ute, i veksthus og tunnel blei planta i fjor. Det er fyrste gong, seier Joa.

Han seier jordbæra i tunnelane blir greie, men det er større uvisse til dei som er ute.

- Det er veldig vêravhengig. Heldigvis ser plantene fine ut, og avlingane er som normalt, seier han.

Smaksutvikling

I år skal jordbærprodusentane satse mykje på utvikling av smak.

- Smaken er alfa og omega for kortreiste jordbær. Me har fått så mykje dokumentert kunnskap om produksjon, og no er me i startgropa for å utvikle kvaliteten vidare, seier Joa.

Les også: Bygger et bedre mai-bær

Prosjektutviklar Åge Jørgensen ved Bioforsk Vest Særheim, seier satsinga på smak handlar om å halde oppe det gode omdømmet til dei norske bæra.

- Me satsar spesielt på tidlegbær frå tunnel og veksthus. Dei norske kan ikkje konkurrere med importbæra på pris, og me må difor legge meir vekt på kvalitet og smak, seier han.

Målet er finne ut kva som er viktig for å få god kvalitet og smak når jordbæra når forbrukarane.

- Me skal følgje bæra i heile verdikjeda frå jord til bord, seier Jørgensen.

Neste artikkel

Dagligvarekjedene forplikter seg: Skal øke norskandelen på grønt med 50 prosent