Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Årets bygdeprofil-kandidat Live Svalastog Skinnes: Brenn for Bygde-Noreg, blogg og bondebusiness

Ta ein gard med skog, korn og turisme. Legg til frittgåande grisar, gründertanke og formidlarlyst. Då har du det: Ein svært vellukka bondebloggar.

Vinterfoto: Live Svalastog Skinnes skriv gjerne om hardt arbeid på ein gard, men legg ikkje skjul på at det har sine svært hyggelege sider, som luftetur med hestane.
Vinterfoto: Live Svalastog Skinnes skriv gjerne om hardt arbeid på ein gard, men legg ikkje skjul på at det har sine svært hyggelege sider, som luftetur med hestane.

Hønefoss. – Eg ville drive litt folkeopplysing, skape ei motvekt til det evige mediekøyret om bønder med sugerøyr i statskassa. Eg vil vise kor viktig matproduksjon er, men også kor triveleg gardslivet faktisk kan vere, seier Live Svalastog Skinnes, ein av dei nominerte til Årets bygdeprofil 2015.

I over to år har ho delt det mangfaldige gardslivet på Nedre Skinnes gard i Krødsherad kommune i Buskerud med ei stadig veksande lesarskare.

No er ho klar for å ta bloggen eit steg vidare.

– Eg har ikkje hatt inntekter på bloggen før. No skal eg prøve å få det til, seier bloggaren.

Ho kan ikkje for all framtid bruke så mykje arbeidstid på bloggen, utan å få noko att for det.

Nye brukarar

Åkrane er kvite av snø, det same er åsane mot Norefjell og isen på Krøderen. Kvite av snø er også vegane, og bonden åtvarar mot mogleg sleipt føre i ein av dei krappaste svingane, der ho på mobiltelefon losar inn på tunet.

Siste etappen er inn forbi ei grøn postkasse i amerikansk stil og forbi kvite tregjerde langs vegen. I det største og eldste av dei kvite husa på Nedre Skinnes gard, garden bloggaren bor med mannen Kristoffer Svalastog Skinnes og dottera Liv, nett fylt to år.

Utdanna i innovasjon

Samla til lunsj rundt det store langbordet i kjøkkenet på garden fortel paret om korleis dei møttest medan dei begge studerte i Ås.

Live Svalastog Skinnes (30) studerte innovasjon, Kristoffer Svalastog Skinnes (31) er siviløkonom med energifag.

Dei flytta til Nedre Skinnes etter ferdig utdanning, sommaren 2011, og starta livet på garden med å feire bryllaup tre dagar til ende. Første januar 2012 tok dei formelt over.

Røyst på Årets bygdeprofil

På Nedre Skinnes har det lenge vore bygd ut til turisme, med hytter og aktivitetar. Paret gjekk rett inn i det. Det dei har lagt til sjølv er oppal av slaktegrisar.

Utegåande svin av Duroc-rasen. Kjøpt som smågrisar, fôra opp utandørs i løpet av sommaren, og seld som heile eller halve slakt om hausten. Slaktinga skjer på garden, med mobilt slakteri. Syklusen er nøye beskriven på bloggen.

Artikkelen held fram under videoen.

Mykje av berre litt

Til lunsj blir det servert råsaft frå bærbuskene i hagen.

– Ein treng ikkje meir enn eit par busker før ein kan lage ganske mykje saft å leggje i frysaren, seier Live Skinnes.

Saftinga er også delt på bloggen.

– Eit år blogga eg om det eg dyrka i vindauga, ein treng ikkje ha gard for å dyrke.

Opphavleg var dei fire gardsfruer på bloggen gardsfruene.no som vart starta i juli 2013. Live S. Skinnes er den einaste som framleis held på.

– Det er utruleg mykje jobb å blogge, eg brukar eit par dagar i veka på det, seier Live S. Skinnes.

Fotoapparatet er alltid med. Frå loftsrommet i tredje etasje i huset blir det heile administrert. Her går timane fort.

Bloggen hennar blir lest, og likt. Ho vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2015, og fekk også Askeladdprisen som Norges Bondelag og Landkreditt Bank deler ut til unge gründerar.

Vil gjerne dele

– På ein gard sit vi med kunnskap om alt frå dyrestell til korleis ta vare på ein kjøkkenhage og nytte ut produkta. Det er veldig koseleg å kunne dele. Mange har ikkje tilgang til gard og den livsstilen som følgjer med, men er veldig interessert i det.

Ho er viss på at bloggen kjem til å bli endå større, men veit også at det betyr mykje arbeid.

Ein gründer med master i innovasjon veit at starten er hard, og at ein må brenne for det ein gjer for å stå løpet ut.

Odelsjenta

Gardsfrua er odelsjente, men har to yngre brør som også gjerne kunne tenkt seg å ta over garden. Husbonden Kristoffer er yngst av fire søsken, og utan odelsrett, men hadde flust opp med planar for innsats i turistnæringa i Rauland.

No vart det Nedre Skinnes i staden, og heiltidsjobb på garden.

– Vi seier at vi er på jobb heile dagen. Vintrane er rolegare, men sidan Kristoffer har brøyting er fridomen litt avhengig av vêret.

Det er godt og praktisk med barnevakt i kårbustaden. Sjølv om det er travelt, prøver dei nytte tilboda i området, ut på tur på fjorden med kajakken og ein tur til Norefjell.

Til sommaren vurderer dei å få seg nokre sauer.

– Landskapspleie, seier Kristoffer Skinnes.

Dei kviler ikkje på laurbæra, ser heile tida etter nye moglegheiter. Kristoffer S. Skinnes er konsulent for bønder som vil leggje om til biofyring. Blogginga har gjort Live S. Skinnes til etterspurt føredragshaldar.

Lest og delt

Ho er fascinert av nettverda. Eit enkelt bilete kan få veldig mykje merksemd, og enkelte lette og koselege saker kan få stor merksemd. Tyngre og alvorlegare saker får ikkje alltid same merksemda. Før dei plutseleg kan ta av.

Når hennar over 13000 følgjarar på Facebook plutseleg begynner å dele, går det fort.

– Kronikkane mine har gått godt, seier bloggaren.

Lengre saker som har stått på trykk i aviser har blitt delt på Facebook, og slik nådd fram til mange fleire.

Organisere

– Opplever du at haldningane til jordbruket har endra seg, på dei åra du har halde på?

– Ja, det er eit trendskifte. Det vil sjølvsagt alltid vere ein del som ikkje vil forstå, men elles har folk vakna og fått meir medvit rundt mat og matproduksjon.

– Enn det såkalla bygdedyret, har du møtt det?

– Lite negativt blir sagt direkte til meg, men eg veit jo at det går på bygda.

Skinnes vedgår at det ikkje akkurat er kjekt å få eige innslag på bygderevyen som prinsessa som trur ho kan alt, men at det er til å leve med.

Men då ei avis i nabolaget tok inn eit lesarbrev der Skinnes omtrent vart sabla ned, reagerte omgjevnadene med å ta ho veldig i forsvar. Det er også ein del av mekanismane i eit bygdesamfunn.

Vurdere

Eg vil vise kor 
viktig mat-
produksjon er.

Live Svalastog Skinnes, bondebloggar
Annonse

– Du er odelsjente, har du nokon gong vurdert å ikkje ta over garden?

– Nei, eigentleg ikkje. Men vi har vurdert driftsform. Eit alternativ kunne vore å sette burt drifta til andre, og så berre bu her.

Slik vart det ikkje. Drifta er avhengig av innsatsen til begge to. Og dei ser heile tida etter moglegheiter.

– Fleire glade grisar?

– Det kunne vore ei moglegheit, men det skal noko til å administrere det. Vi har ikkje frysekapasitet til å oppbevare slakt som ikkje vert henta i tide.

Ein av dei er som regel heime på garden.

Begge legg dei vekt på å vere gode vertar for dei som nyttar seg av tilbode på Nedre Skinnes.

Bondebloggaren nyttar alle høve til å reklamere for livet på bygda. Ho fortel at det i området er mange unge kvinner som har teke over gardar. Men mykje har endra seg, det er berre eit mjølkebruk att i bygda.

Ho undrar seg over korleis ting har forandra seg.

– Før gav det å produsere mat status og makt. Så vart det heilt motsett. Jordbruket må opp i status igjen, seier Live Skinnes.

I to år har ho profilert Bygde-Noreg på ein aktiv og positiv måte. Ho er fast bestemt på å bidra vidare.

Slik røytstar du på Årets bygdeprofil

Du kan røyste på kandidaten din på to måtar.

Send ein SMS med ordet BYGDE og føy til kandidatens bokstav, til dømes BYGDEA, BYGDEB, osv. til 2470

Meldinga kostar fem kroner, og du kan røyste så ofte du vil.

Blant dei som røystar med sms blir det trekt ut tre vinnarar som får eit gåvekort på høvesvis 1200 kroner, 800 og 500 kroner.

Eller du kan røyste via avstemminga nedanfor.

Det er mogleg å røyste ein gong per dag.

Kandidatane

Her er ein kort presentasjon av kandidatane, og litt av juryens grunngjeving for kvifor nettopp desse seks fortener ein plass i finaleheatet.

A: Lars Petter Bartnes

Gardbrukar frå Steinkjer i Nord-Trøndelag. Leier i Norges Bondelag sidan 2014 og har lang fartstid som tillitsvald i landbrukssamvirke.

Juryen seier: Kåra til den femte mektigaste i landbruket i Nationen og Bondebladets kåring i desember 2015. Synleg forhandlingsleiar i jordbruksoppgjeret.

B: Sondre Justad.

Artist og låtskrivar frå Lofoten i Nordland. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet «Riv i hjertet», etter ei rekkje singlar med stor suksess.

Juryen seier: Artist med føtene solid planta i Lofoten. Han har tydeleg nordnorsk identitet og representerer bygdekulturen på ein flott måte.

C: Dag Jørund Lønning.

Dag Jørund Lønning, fødd på Stord i Hordaland, rektor og professor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling.

Juryen seier: Kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og ein av få forskarar på lista over dei 100 mektigaste i norsk landbruk.

D: Emilie Enger Mehl

Vart kjent for det norske folk då ho i 2014 vann første sesong av NRKs realityserie «Anno». Politikar.

Juryen seier: Ung politikar, med fartstid frå Senterungdommen og Hedmark fylkesting (Sp). God representant for det unge og aktive Distrikts-Norge.

E: Therese Rudi

Odelsjente frå Ringebu i Oppland. Ho bloggar og deler gjerne om livet på garden i Ringebu og som produsentrådgivar for Q-bøndene.

Juryen seier: Har markert seg som eit friskt pust i landbruksdebatten. Vart som 22-åring vald inn i sentralstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

F: Live Svalastog Skinnes

Gardbrukar frå Krødsherad i Buskerud. Kjent bloggar, og fekk i fjor Bondelagets og Landkreditt banks Askeladdpris for etableringa av ny næringsverksemd på bygdene.

Juryen seier: Årets landbruksblogger i 2015. Skriv godt om viktige tema. Ho representerer det nye landbruket som ung bonde og gründer.

Freistar

Fristen for å røyste går ut 19. februar, kven som har fått flest røyster og vinn kåringa blir offentleggjort 27. februar.

Neste artikkel

Lønning leiar kåringa om å bli Årets bygdeprofil