Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ap fyrar laus mot Frp sin landbrukspolitikk etter avsløring om støtte

Aps Terje Lien Aasland seier Frp vart teken med buksa nede då det vart kjend at ein Frp-bonde har fått fleire hundre tusen kroner i offentleg støtte.

Før landsmøtet i Frp sist helg jubla partiet over Frp-politikar og hestebonde Margrete Dysjaland frå Rogaland. Garden hennar var subsidiefri sone, heilt til Stavanger Aftenblad på søndag fann ut at Dysjaland har motteke 700.000 kroner i offentleg støtte. Leiar av næringskomiteen på Stortinget, Terje Lien Aasland, er oppgitt over partiets landbrukspolitikk.

- Ein parodi- Det blir ein parodi på korleis Frp skapar politikk. Frp skal sleppe bonden fri, men ikkje ein gong Frp-bonden klarar seg utan offentleg støtte, seier Aasland.

Han kallar det nok eit døme på at Frp manglar rot i verkelegheita når partiet skal forme politikken sin.

Les også: Frp mener Tine-bønder må ta et oppgjør med melke-adelen

- Frp har ikkje truverde. Frps draumebonde får stor offentleg støtte, og driv ikkje med matproduksjon. Partiet prøver å skapa retoriske poeng, men blir tekne med buksa nede, seier Aasland.

- Ap kritiserer seg sjølvLandbrukspolitisk talsmann i Frp, Torgeir Trældal, seier han ikkje vil kommentere enkeltpersonar i Frp, men seier Dysjaland får tilskot på grunn av politikken til Aasland.

- Han kritiserer eigen politikk når ein bonde kan få overføringar utan å drive med matproduksjon, seier Trældal.

Annonse

Aasland spør seg om føremålet med Frp sin landbrukspolitikk er å gå vekk frå å produsere mat i Noreg.

Les også: Tine vedtok rekordstor utbetaling til bøndene

- Dei geografiske og klimatiske tilhøva i Noreg er annleis enn land partiet trekkjer fram der «bonden blir sleppt fri».

Ap-politikaren seier det er dramatisk for jordbruket om Frp sin politikk skulle få gjennomslag.

- Jordbruket slik me kjenner det i Noreg vil bli borte. Ei rekkje bønder blir arbeidsledige. Matproduksjon over heile landet vil ta slutt. Resultatet blir nokre få, store bruk i sentrale strøk. Det blir full bråstopp for norsk matproduksjon med Frp, seier Aasland.

Les meir om debatten mellom Aasland og Trældal i Nationens e-avis torsdag 26. april. Den kan du kjøpe her.

Neste artikkel

Stortingspresidenten trekker seg etter pendlerboligsaken