Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Anne Viken: Tine bløffar om økologisk landbruk

Tine har ikkje peiling på kva som skil økologisk husdyrhald frå konvensjonelt, meiner veterinær Anne Viken.

Faktafeila florerer på nettsidene til melk.no og tine.no. Tine manglar oversikt over kva som skil økologisk husdyrhald frå konvensjonelt. Nettstadene har ein slurvete omgang med fakta, skriv veterinær Anne Viken i ein gjestekommentar i Nationen fredag.

Les heile kommentaren og si meininga di nedst i saka.

Viken meiner Tine framstår som usympatisk.

Annonse

- Når ein kjenner Tines grunnleggjande negative haldningar til økologisk, er det nærliggjande spørje seg om kunnskapsmangelen er eit symptom på Tines likegyldige haldning. Ein kan også spørje seg om Tine ikkje meiner korrekte fakta er av betydning. Sjølv om det ettertrykkeleg, i september 2010, vart påvist faktafeil i Tines reklame, heldt dei fast på at alle norske kyr går ute. Stikk i strid med eigne tal, skriv Viken.Tine seier dei tek med seg innspelet vidare.

- Vi jobbar no med å kvalitetssjekke og korrigere teksten om økologisk mjølkeproduksjon på nettsidene våre, seier Øystein Knoph, kommunikasjonsrådgjevar i Tine.

Kva meiner du? Ta del i diskusjonen under.

Neste artikkel

SV vil øke CO2-avgift til bøndene – men «gi tilbake» med nye klimatilskudd