Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Agrarliberalismen

Ola Borten Moe, Morten Søberg og Ivar Vigdenes la seks tankerekker og ti prinsipper til grunn for det de kaller agrarliberalisme.

Ti agrarliberale prinsipper

1. Økt individuell frihet styrker fellesskapet

2. Individet har staten som redskap

3. Fellesskapet må gjøre enkelt individet større

4. Mennesket har fri vilje og ansvar for egne handlinger

5. Det er de små samfunn som skaper de store

6. Mennesket er en del av naturen

7. Livskvaliteten øker med desentralisert kapital og myndighet

8. Vi skal overlevere det vi forvalter i bedre stand til neste generasjon

Annonse

9. Nasjonalstaten er rammen for gode liv og enkeltindividet

10. Samfunnet er mer og større enn staten

Sp – eit agrarliberalt, norsk parti: seks tankerekkjer

I. Eitkvart politisk parti kan definerast i kraft av både handfaste interesser og ideelle idear. Balansepunktet mellom desse ankerfesta og spegelbileta skifter over tid – i samhøve med tida og tilhøva.

II. Gjennom tidene har Sp allstøtt hatt rot i agrare interesser: jord og bønder, eigedomsrett og bondepolitikk. Desse interessene er både norske og tidlause. Det siste gjeld særskilt retten til eigedom – såleis definert i det adler-falsenske grunnlovsutkastet (§4): “Eiendomsrett er den Ret, som hver Borger har, til at nyde og raade over sit Gods, sine Indtægter, over Frugterne af sit Arbeide og sin Flid.”

III. Samstundes er Sp eit liberalt parti i tydinga trufast til Dovre fell til det norske, konstitusjonelle demokratiet. Det handlar tvillaust om dette: Grunnlova – og målet til Johan Sverdrup: å medverka til “en sandere Forstaaelse af vor frie Forfatning”. Rettsstaten. Eit fleirtalsstyre avgrensa av klårt og djupt mindretalsvern. Alt byggjer på idear som ikkje respekterer landegrenser. Like fullt har dei i Noreg fått si særmerkte form, institusjonelle uttrykk – og eiga historie.

IV. I stuttform, på spissen: Den norske grunnlova hegnar om odel og legg ned forbod mot adel. I dette konstitusjonelle skjeringspunktet – norsk, historisk og folkeleg – vert det agrarliberale lyst opp. Sp er ein atterljom av dette: både eit bondeparti og eit norsk folkestyreparti i eitt.

V. Det grunnleggjande omgrepsparet i det politiske ordtilfanget er [status quo, reform]. Både ei agrar og ei liberal-konstitusjonell tilnærming til politikk set status quo og stabilitet høgare enn reform: Det eksisterande er seigt – tufta på tjukke lag av tid. Endringar lyt koma sakte, må byggja på brei semje, skal skje i samklang med arven etter Eidsvoll og 1814.

VI. I stort er eit agrarliberalt parti òg eit språkleg fenomen. Verksemda til Sp er til liks med andre særmerkt av alfabet og siffer, skrift og tale, men meininga med språkbruken er todelt. Dels å spegla og forma samfunnet og tida i samklang med agrare interesser i vid tyding – klok og langsiktig vyrdnad for natur og skaparverk. Sameleis med dei liberale kjerneideane: Det Adler og Falsen kalla “Borgerfrihed”, frie og sikre menneske som herrar over eigne liv. Dét er sentrum; alt anna alltid periferi.

Neste artikkel

En ny kurs for Norge