Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

60 prosent av kornet må kjøpast frå utlandet

Elendige kornavlingar sist haust fører til meir import enn nokon gong før. Samtidig blir lagringskapasiteten bygd ned.

Samtidig som landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo, er lagt ut for sal og truleg vil bli jamna med jorda, aukar importbehovet for korn i rekordtempo. Dei norske kornavlingane var sist haust dei lågaste på 37 år, ifølgje marknadsregulator Norske Felleskjøp. Berre rundt 890.000 tonn blei resultatet, mot 1,4 millionar tonn seinast i 2008.

Parallelt aukar forbruket av korn og kornråvarer til mat og kraftfôr. Behovet skal i år vere rundt 2,2 millionar tonn, ifølgje Felleskjøpet. 59 prosent må dermed importerast. På toppen kjem sterk vekst i importen av korn- og vegetabilske varer til fiskefôr- og fiskeoppdrett.

Kornimport og lagre

Redusert kornareal og svake avlingar fører til at nær 60% av kornet og råvarene til kraftfôr må importerast i år. Med importen til fiskefôr blir importdelen truleg rundt 75 %.

Siste åra er mange kornlagre lagt ned og beredskapslagringa er avvikla.

Landets største kornlager, Stavanger Havnesilo, er for sal og blir truleg rive. Kapasiteten er på 195.000 tonn korn, som utgjer heile det norske importen av matkorn, i tillegg til 30.000 tonn melasse.

Anlegget er i praksis det einaste brukbare norske beredskapslageret.

– Importbehovet er det største nokon gong og det har aldri vore så stor import av kornråvarer før. Vi har blitt ekstremt avhengige av importerte råvarer, og samtidig har vi berre lagerkapasitet til ein brøkdel av forbruket. Vi gjer oss stadig meir sårbare. Den dagen det skjer noko med tilgangen er det full krise, seier administrerande direktør Lars Fredrik Stuve i Norske Felleskjøp.

Import på 2,5 millionar tonn

Behovet for import av korn til mat og kraftfôr blir i år rekna til 1,3 millionar tonn. I tillegg kjem forbruket som går til fiskefôr. Det blir ifølgje Stuve i all hovudsak importert og skal vere i rask vekst. Han anslår forbruket av korn og vegetabilske råvarer i fiskeoppdretten til mellom 1,3 og 1,5 millionar tonn. Samla importbehov for korn og kornråvarer passerer dermed i år truleg 2,5 millionar tonn med god margin, noko som vil gi ein importandel på vel 75 prosent.

– Industrien har forretningsmessige lagre som rekk til kanskje to eller tre månaders forbruk. Eg vil tru det er likt innan fiskefôr. Næringa køyrer på eit minimum. Alle er opptatt av kortsiktig profittmaksimering. Samfunnet blir dermed stadig meir sårbart. Sett på spissen så er vi stadig eit båtlass frå krise, seier Stuve.

– Uklokt å rive kornlager

Stuve viser til at næringa ikkje har nok kapasitet til å overlagre korn ved behov. Unntaket er Stavanger Havnesilo, som kan lagre halvparten av det årlege matkornforbruket. Riving kan dermed òg gi ringverknader for kornmottak, som risikerer å måtte stenge midt i kornhaustinga. Det kan gi store konsekvensar for kornbønder.

– Som marknadsregulator er vi svært bekymra over at Stavanger Havnesilo kan bli riven. Det er ekstremt kortsiktig og uklokt av norske styresmakter å la det skje, iallfall før ein har vurdert alternativ eller laga ein plan. Politikarane må ta ansvar for matberedskapen, seier Stuve.

«Alle er opptatt av kortsiktig profittmaksimering. Samfunnet blir dermed stadig meir sårbart.»

Lars Fredrik Stuve administrerande direktør i Norske Felleskjøp
Annonse

Han seier eit alternativ kan vere å byggje opp kornlagre på den enkelte gard. Investeringa vil derimot kunne bli svært stor.

– Så pressa som økonomien i kornproduksjonen er, så går iallfall ikkje det utan store statlege bidrag. Til nå har regjeringa vist liten vilje til å auke løyvingane, seier han, og viser også til at det truleg vil koste bortimot ein milliard kroner å byggje opp eit nytt anlegg med like stor kapasitet som Stavanger Havnesilo.

Statlege lagre i Finland

Stuve trekkjer fram Finland som eit føregangsland.

– I Finland dekkjer staten kostnadene til å ha beredskapslagre for matkorn til eitt års forbruk, seier Stuve.

Les også: Globale kornlagre held berre til 74 dagers forbruk

Stavanger Havnesilo spelte ei sentral rolle i den norske beredskapslagringa av korn fram til løyvingane til kornlagring blei kutta for vel 10 år sidan. Sidan er siloanlegget drive kommersielt.

Neste artikkel

Gjødselsmell rammar hardt: - Går nesten i minus med korn