Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

400 millionar til økologisk landbruk

Ein tredel av støtta går til produsentane.

Støtta til økologisk landbruk er på omkring 400 millionar kroner i året. Om lag 30 prosent går til produsentane, viser ei kartlegging frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). Kartlegginga viser eit totalt støttebeløp på høvesvis 402 og 396 millionar kroner i 2009 og 2010. Av dette er produsentretta støtte, eksklusive bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar), rekna til høvesvis 111 og 122 millionar kroner. Den største enkeltposten er støtte til forsking, som er rekna til 142 millionar kroner i 2010. I tillegg til offentlege tilskot er det særskilde pristillegg for økologiske produkt. Samla førstehandsomsetnad av økologiske husdyrprodukt og korn frå norsk jordbruk er for 2010 rekna til 410 millionar kroner. Meirverdien av desse produkta samanlikna med tilsvarande volum konvensjonelle produkt, utgjorde 79 millionar kroner. Rundt rekna 43 prosent av førstehandsomsetnaden vart vidareselt som økologisk. Oppdragsgjevarar for NILF-prosjektet er Felleskjøpet Agri, Fiskå Mølle, Norgesfôr og Yara Norge. (©NPK)

Annonse

Neste artikkel

Rapport: Slik skal EU styrke distriktsjordbruket