Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

150 år med regntøy

Med våren kjem ikkje berre sola fram, men også regntøyet. Norsk regntøy har ei stolt historie, med alt frå solide fiskarklede til gule trendplagg.

Arbeidsklede: Det er fiskerinæringa som har drive mykje av utviklinga av regntøy i Noreg. Biletet viser fiskarar i oljehyre og sydvest og er teke mellom 1900 og 1940. Foto: Anders Beer Wilse

Norsk regntøy har bekledd fiskarar, barnehagebarn, stilbevisste gatespradarar og friluftsfolk i 150 år. Korleis vart Noreg ein leiande regntøyprodusent, også i internasjonal samanheng?

Industri på kysten

Ein kan seie at startskotet for den gyldne æraen til det norske regntøyet gjekk på 1860-talet. Allereie då segla industrielt produserte oljehyrer for fiskarar ut frå ein fabrikk i Haugesund, ifølgje artikkelen «Raff i regn – plastregntøy for sports- og spaserbruk på 1950-tallet» av Tone Rasch.

Det var ikkje tilfeldig at fabrikken låg ved havet. Det norske kystklimaet og fiskenæringa var bakteppet for regntøyindustrien som vaks fram. Viss det var nokon som trong vasstette klede, så var det jo fiskarane med dei opne båtane sine, på jobb i regn og vind.

– Praktiske behov har drive utviklinga av regntøy, og i Noreg var fiskeriet eit viktig område. Ein skulle halde fiskaren tørr, seier Rasch, som er konservator ved Norsk Teknisk Museum.

Skipskaptein Helly Juell-Hansen starta fabrikk for «oljeklede» i Moss i 1877. Selskapet skulle bli til dagens Helly Hansen. Det vart òg opna regntøyfabrikkar i Fredrikstad, Ålesund, Stavanger og Kristiania.

Praktiske behov har drive utviklinga av regntøy, og i Noreg var fiskeriet eit viktig område.

Tone Rasch, konservator ved Norsk Teknisk Museum

Ull og skinn mot regn

For fiskarane må det ha vore ei lette å få tak i meir vasstette klede. Men folket på havet hadde klart seg før òg.

– Før regntøyet vart naturmaterialar som ull og skinn brukt for å halde vatn og kulde ute. Folk hadde utruleg med kunnskap om materialar og korleis dei skulle utnyttast optimalt. Dette hadde dei skikkeleg spisskompetanse på, seier forskar Ingun G. Klepp ved forbruksforskingsinstituttet SIFO, ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus.

Sauefellar tolte ikkje saltvatn, men dei vassavleiande eigenskapane til ulla vart utnytta i vevd stoff. Vadmålsklede verna òg temmeleg godt mot både vind og regn. Men Klepp minner om at innstillinga vår til komfort har endra seg drastisk. Sjølv om eigenskapane til ulla vart utnytta til fulle, er det ikkje sikkert du og eg hadde vore så fornøgde med kleda.

– I dag er vi ikkje vane til å ha det kaldt og vått, vi er nokre pyser. Livsvilkåra våre har endra seg mykje, og ein skal ikkje undervurdere kor mykje tilvenning har å seie, seier ho.

For barna: Oljehyrer og seinare plastregntøy har slått godt an hos småbarnsfamiliar. Her ser du to barn som leikar ute i regnet på Eidsvoll våren 1964. Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB scanpix

Kolonimakter satsa på gummi

På 1800-talet hadde industrien to måtar å produsere regntøy på. Nokre fabrikkar spesialiserte seg på gummilagte klede, medan andre brukte linolje for å impregnere stoffet. Såkalla oljehyrer vart laga med linolje.

Her til lands vart oljetøy det vanlegaste, noko som hadde med tilgangen på råvarer å gjere. Like før andre verdskrigen vart det årleg produsert rundt 300.000 frakkar og kapper av oljetøy. Talet for gummifrakkar og annan impregnering var 100.000, ifølgje «Raff i regn». Kolonimakter som Frankrike og England brukte meir gummi i produksjonen sin.

Men det var ikkje berre fiskarane som ville halde seg tørre. Regntøy for fjellturar så vel som urban bruk vart òg ein del av sortimentet til produsentane.

– Det å vere ute og gå i byen var ein eigen syssel. Frå slutten av 1800-talet gjekk ein på Karl Johan og viste seg fram, fortel Rasch.

Annonse

Plast gjorde det enklare å utvikle tekniske klede, klede tilpassa spesielle formål.

Ingun G. Klepp, forskar ved forbruksforskingsinstituttet SIFO

Tidleg på 1900-talet hadde både Helly Hansen og Hanco i Ålesund regnfrakkar i motefasongar. Dette var vide frakkar med stramme belte – og snittet var inspirert av filmindustrien. Men sjølv om sortimentet vart breiare og kvaliteten betre, var regntøyet framleis først og fremst eit bruksplagg, skriv Rasch.

Syntetisk omvelting

Syntetiske materialar tredde for alvor inn i klesbransjen på 1950-talet, og for regntøyindustrien vart plasten revolusjonerande. Plasten gjorde regntøyet tettare, lettare og mjukare, og materialet kravde ikkje vedlikehald, slik som oljetøyet.

Dei nye produkta vart godt mottatt av forbrukarane. Dessutan hadde kvaliteten på det tradisjonelle regntøyet vorte dårlegare under krigen. Mangel på råvarer gjorde til dømes at produsentar hadde testa tran og andre illeluktande erstatningar for linolje. Resultatet både stinka og var klissete, ifølgje Rasch.

Helly Hansen, som hadde snust på plastregntøy også før krigen, kom først i gang med produksjonen i Noreg. Plasten vart smelta og smurt utover tekstil, og det kom òg produkt i plastfolie. Plastfolie var plast som vart valsa ut til tynne, gjennomsiktige plaststoff det kunne lagast klede av. Foliefrakkar bør vere kjente klede for korpsfolk som har vore ute ein regnvêrsdag.

Instagram-favoritt: I dag er gule regnjakker tilsynelatande eit uunnverleg plagg for bloggarar og instagrammarar på tur. Her frå Lofoten. Foto: Emma Grann / www.plainpicture.com

Skodespelarar i regnfrakk

Sømmene i plastregntøyet kunne sveisast tette med rett utstyr, og det vart lettare å eksperimentere med design. Moderne plastregntøy kom i fleire fasongar og fargar. Og produkta vart billigare. Etter kvart vart det vanlegare å ha regnfrakkar for ulike høve – i god forbrukarånd.

Utover på 1950-talet vart moten stadig viktigare for utforminga og marknadsføringa av regntøyet, skriv Rasch. Populariteten vart godt hjelpt av etterkrigstida si dreiing mot meir praktisk og funksjonell mote. Travle, moderne menneske skulle gjerne vere både komfortable og elegante.

Vekeblad som skreiv om regntøy, refererte gjerne til den populære regnvêr-filmmusikalen «Singin' in the Rain», ifølgje «Raff i regn». Produsentane reklamerte for det moderne plagget, men mykje indirekte reklame kom òg gjennom filmar, blad og annan populærkultur. I ungdomskulturen vaks det fram eigne måtar å bruke regntøyet på.

Plast, membran, og så?

Overgangen frå reine naturmaterialar via oljeimpregnerte klede til plastregntøy betydde at ting vart billegare, men også enklare. Fram til 1960-talet var det bomull som var underlagsmaterialet for industrielt framstilt regntøy. Då vart det avløyst av nylon, som var lettare og tok mindre plass, noko som gjorde det spesielt eigna som regntøy på fjelltur og reise.

Det «pustande» første regntøyet i membran kom på 1970-talet. Slike materialar kallast ofte gore-tex, sjølv om det eigentleg er eit merkevarenamn. Stoffet held vassdropane ute, men samtidig slepper dampen ut. Det tette plastregntøyet måtte ordne problema med fukt frå innsida på ein annan måte. Løysinga vart «lufteluker» og luftige passformer.

– Plast gjorde det enklare å utvikle tekniske klede, klede tilpassa spesielle formål. Men ut frå ein miljøtankegang vil ein i dag meir bort frå plast og membranar. Det blir forska mykje på korleis ein kan lage vasstette plagg på nye måtar, seier Klepp.

Kjelder: Tone Rasch, konservator ved Norsk Teknisk Museum.

Ingun Grimstad Klepp, forskar ved forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Artikkelen «Raff i regn – plastregntøy for sports- og spaserbruk på 1950-tallet» av Tone Rasch, publisert i Volund 1999-2000, Plast i det moderne Norge.

Store norske leksikon.

Lager: Her ser du lageret til Helly Hansen-fabrikken i Moss. Biletet er teke i 1950. Foto: Jan Stage / NTB scanpix

Neste artikkel

Derfor bør du spise mer nykål