Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

115 vindkraftprosjekt til behandling - NVE spår to års ventetid

Vindkraftønska er dobla på to år. Olje - og energiminister Ola Borten Moe (Sp) vil la kommunanene bestemme meir over vindkraftutbygging.

Etter at regjeringa fekk på plass ein felles marknad med Sverige for grøne elsertifikat, er vindkraft i vinden som aldri før.

115 vindkraftprosjekt er for tida til behandling i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Prosjekta har ein samla produksjonskapasitet på heile 75 TWh. Det er meir enn halve dagens straumforbruk her i landet.

NVE seier grunneigarar og utbyggingsaktørane må bu seg på venting.

- Prosessen med høyringar tek tid og vi har mange saker til behandling. 1,5 til 2 års venting er minimum, og for prosjekta som ikkje blir prioritert kan det ta fleire år, seier Hege Lilleland i konsesjonsavdelinga i NVE. Tidlegare i juni sa NVE-direktør Per Sanderud at det søkjast om godkjenning av for mange dårlege vindkraftprosjekt.

Vil la kommunane styre meirOlje- og energiminister Ola Borten Moe seier det blir jobba med å korte inn saksbehandlinga. Sp-statsråden seier han vil gjere det han kan for å forenkle prosessen og korte ned på ventetida. Han ser svært positivt på at mange bønder vil byggje vindmøller.

Les også: Direktoratet kritisk til vindmøller i Trøndelag

- Om vindkraft kan bidra til tilleggsinntekter til jordbruket, så er det utelukkande positivt. Det ønskjer vi å leggje til rette for, og vi ønskjer at saksbehandlinga i størst mogleg grad skal overlatast til kommunane, seier han.

Alt i dag kan kommunane behandle små landbruksbaserte vindmølleutbyggingar, som ikkje treng konsesjon. Større prosjekt som skal knytast til høgspentnettet, eller der straumen først og fremst skal lagast for sal i straumnettet, må derimot inn til full runde hos sentrale styresmakter.

Les også: Skogeigarar seier ja til til vindmøller i innlandet

-242 vindmøller fordelt på ?19 anlegg produserte 1310 GWh ?(1,3 TWh) straum i fjor. Opp 31 % ?frå 2010.

Annonse

- Det er ingen grunn til at vi i Oslo skal sitje å behandle gardsvindmøller. Eg meiner kommunane er rett innstans, og eg håper at fleire prosjekt enn i dag skal kunne behandlast av kommunane, seier Borten Moe.

Han seier departementa er i gang med å sjå på og oppdatere regelverket, med sikte på å finne optimale løysingar.

Lettare for små gardsmøllerEnergiministeren seier ordninga med at små gardsvindmøller kan setjast opp utan konsesjon er lite kjent, også blant kommunane. Han seier det kan vere behov for å bevisstgjere kommunane.

Etter medieomtale mellom anna i Nationen i fjor haust har mange bønder vist interesse for å byggje vindmøller. Mellom anna trur Bondelaget på boom for vindmøller på gardsbruk. Pågangen har enkelte stader vore så stor at kommunane har stoppa godkjenningsprosessen for å lage ein samla plan for vindmøller i kommunen. Det har olje- og energiministeren ikkje noko imot.

Les også: Gigantplanar for vindkraft skaper storm

- Det må vere opp til det lokale sjølvstyret og den enkelte kommune korleis dei vil handtere det. Den typen møller skal handterast som ein del av plan- og bygningsloven, seier Borten Moe.

Om nokre år håper ti bønder på Jæren å tene 250.000 kroner i året på vindkraft. Fire vindmøller som vil bli over 80 meter høge, kan gje nok straum til 500 hus. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for torsdag 5. juli, som kan kjøpast her.

Neste artikkel

Å styrke ungdomsorganisasjoner utenfor Oslo er en tjeneste for demokratiet