Ei undersøking nyleg utført av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, viste at to av tre område med verna trehus manglar eller har for dårleg brannsikring.
No set miljøvernminister Tine Sundtoft (H) av 10 millionar kroner i det reviderte statsbudsjettet for å sikra verneverdige norske trehus mot brannar som i Lærdal, skriv Aftenposten.
– Verna trehus er ein viktig del av den nasjonale kulturverdien. Det gjer områda til ei større oppleving, seier Sundtoft.
Riksantikvaren forvaltar midlane og fordeler pengane til kommunar som søkjer om støtte. Frå før av er det også sett av 14 millionar kroner til brannsikring av stavkyrkjer i budsjettet.
– Vi har sagt at det trengst 40 millionar kroner kvart år, men veit kva som er mogleg å få til i revidert nasjonalbudsjett. Den nye regjeringa må få budsjettet sporet sitt, og då håpar vi det kjem endå meir, seier Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen.
Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram onsdag. (©NPK)