Vedtaket er eit resultat av samarbeidsavtalen mellom Arbeidarpartiet og Dei grøne etter kommunevalet i fjor.
I den fekk MDG gjennomslag for å gå mot Nundalselvi kraftverk i Øvre Årdal, og kommunestyret vedtok dermed klageframlegget med 11 mot 10 stemmer.
Det er selskapet Småkraft AS som i desember fekk konsesjon til å byggje eit kraftverk i det veglause og urørte fjellområdet. NVE valde dermed å sjå vekk frå fleirtalsvedtaket mot utbygging som kommunestyret i Årdal gjorde i oktober.
– Vi ankar saka fordi vi ikkje ønskjer kraftutbygging i Nundalen, og vi synest det er heilt feil at NVE ikkje tar omsyn til eit fleirtalsvedtak i kommunestyret, seier varaordførar Sandra Opheim (MDG) til Sogn Avis.
Ikkje alle i Årdal er imot utbygginga, og formannskapet i kommunen gjekk før kommunevalet inn for kraftverket. Før den tid hadde dessutan fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støtta utbyggingsplanane. (©NPK)