Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Turistskatt vanleg i Europa, men uaktuelt i Noreg

Mens turistskatt møter motstand her på berget, er det vanleg i mange andre land og byar i Europa. I Amsterdam aukar tilstrøyminga sjølv om turistane der må betale «toeristenbelasting».

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap vil søkje om å få skattleggje turistane som kjem til verdsarvfjordane, sjølv om både regjeringa og NHO er mot den slags. Her turistar som strøymer til Flåm og verdsarvstaden Nærøyfjorden. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

I den nederlandske storbyen betaler turistane ei avgift på 5,5–7 prosent av overnattingsprisen, og det har dei gjort sidan 1973, skriv NRK.

– Turistskatten er generelt akseptert, og sjølv med skatten har besøkstala til byen auka sterkt. Derfor kan vi ikkje seie at turistskatten "skremmer" folk frå å besøkje byen, seier pressetalskvinne Lisa den Oudendammer i byadministrasjonen i Amsterdam i ein e-post til NRK.

Både i Italia, Tyskland, Frankrike, Kroatia og Spania finst det liknande nasjonale eller lokale avgifter for turistovernattingar.

Annonse

I Noreg er derimot turistskatt uaktuelt, slo regjeringa fast i reiselivsmeldinga i fjor. NHO Reiseliv åtvarar òg mot å skattleggje turistane.

– Det er vi sterkt imot, for norske hotell har om lag den høgaste overnattingsmomsen i Europa, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NRK.

Men Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap meiner at tida no er inne for å avgiftsleggje den bratt veksande turisttrafikken i verdsarvfjordane, og arbeider no med ein søknad om å få innføre ei miljøavgift i Flåm og Geiranger.

– Vi synest dette er ei sak som er overmoden. No er tida kommen for at brukarane sjølve bør og kan betale, og eg trur dei er villige til å betale òg, seier leiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet.

Sjølve innretninga på avgifta er enno ikkje klar, men ei trafikkavgift kan vere aktuelt, ifølgje NRK.

Neste artikkel

Norsk bedrift skal lage namn og nummer til Premier League-draktene