Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
SPØKELSESHUS: Dalen Hotel er kjent for sine spøkelseshistorier. Gjester skal både ha hørt barnegråt og sett en kvinneskikkelse i korridorene.   FOTO: Marianne Løvland / NTB
SPØKELSESHUS: Dalen Hotel er kjent for sine spøkelseshistorier. Gjester skal både ha hørt barnegråt og sett en kvinneskikkelse i korridorene. FOTO: Marianne Løvland / NTB

Nifse noregsopplevingar

Med Halloween rett rundt hjørnet kan du komme i passe uhyggjeleg stemning ved å gå på spøkelsesvandring eller dele rom med eit gjenferd.

– Ganske mange gjester ringjer og spør om å få bu på «Det Blå Rommet», det rommet der Linda sjekka inn, fortel hotelldirektør ved Hotel Union Øye, Mariann Øye.

Hotel Union Øye er eitt av fleire tradisjonsrike hotell som har spøkjelse som ein av tilleggsattraksjonane sine.

Historia skal ha det til at tenestejenta Linda innleidde eit forhold til ein tysk offiser som budde på «Det Blå Rommet». Problemet var berre at offiseren allereie var gift. For å gjere ei lang og ulykkeleg kjærleikshistorie kort, så enda det heile med at Linda vart funnen død i elva, kledd som brud.

– Linda sjekka aldri ut av hotellet. Framleis kan ein høyre gråt og fottrinna hennar i trappene, fortel Øye.

Fakta

Heimsøkte reisemål

Visit Norway har sett saman denne lista over nokre av dei mest heimsøkte reisemåla i Noreg.

* Akershus festning, Oslo

I over 700 år har borga vakta Oslos hamnebasseng. I mange år vart delar av festninga brukt som fengsel, der nokre av dei mest berykta kriminelle i landet vart sette til å utføre tungt manuelt arbeid. I dag finst det fleire rapportar om kviskring og skrapelydar i gangane, og fleire tilsette har på einsame vakter hatt fysiske opplevingar om at det er nokon der.

* Dalen Hotel, Telemark

Av dei mange hotella med overnaturlege historier i Noreg, skil Dalen Hotel seg ut som eitt av dei mest berømte. Husspøkjelset «The English Lady» er ifølgje legenda på rom 17, der mange gjester har rapportert om uvanlege lydar og urovekkjande veike kjensler. Eigentleg heitte kvinna Miss Greenfield og sjekka inn åleine på Dalen hotell seint på 1800-talet. Då ho forlét Dalen etter fleire månaders opphald, vart det funne eit dødt spedbarn på rommet. Miss Greenfield vart seinare arrestert, sikta for barnemord og måtte bøte med livet.

* Nes Kirkeruiner, Viken

Gjennom åra har mange rapportert om uvanlege syn, lydar og lys rundt ruinane på Nes i Akershus. Særleg er det mange historier og mytar knytt til Jacob Christian Finckenhagen, som var prest i kyrkja på byrjinga av 1800-talet. Gjenferdet hans har vorte observert på rastlaus vandring i kyrkjeruinane om natta.

* Nidarosdomen, Trøndelag

Den kjende Nidarosdomen skal òg vere heim for eit berømt spøkjelse. Den såkalla «Munken» har vorte observert av mange opp gjennom åra. Mest kjent er vitnesbyrdet til bispinne Marie Gleditsch, som under ei gudsteneste skal ha sett ein kappekledd skapnad med eit blodig kutt over halsen.

* Hotel Union Øye, Møre og Romsdal

På Hotel Union Øye har det vorte rapport om kvinnegråt på «Det blå rommet». Gråten skal stamme frå tenestejenta Linda, som skal ha drukna seg etter ei ulykkeleg kjærleikshistorie med ein offiser i 1890-åra.

* Bærums Verk, Viken

Bærums Verk skal vere eitt av dei mest heimsøkte reisemåla i landet. Særleg på Værtshuset har det vore tallause forteljingar om paranormal aktivitet. Mange meiner det er gjenferdet av Anna Krefting – kvinna som eigde og drev verket i 50 år på 1700-talet – som går igjen.

* Blaafarveværket, Viken

Blaafarveværket har røter nesten 250 år tilbake i tid, og vart oppretta for å vinne ut kobolt til porselen og glasproduksjon. Anlegget vart etter kvart kjent for mystiske rapportar om «Blåmannen», eit gjenferd med lykt som dukka opp i forkant av ulykker for å åtvare gruvearbeidarane.

(Kilde: Visitnorway.no)

På spøkjelsessjakt

Fredriksten festning har «Den Hvite Dame», Nidarosdomen har «Munken», Dalen Hotel har «The English Lady» og Akershus festning har spøkjelseshunden «Malcanisen». Rundt om i landet finst mange kjende landemerke som også er kjende for dei usynlege bebuarane sine.

– Eg har inntrykk av at spøkjelse kan vere ein attraksjon. Av og til får eg besøk av turistar som reiser verda rundt på jakt etter spøkjelse, fortel Kristin Amundsen.

Ho har i tjue år leidd spøkjelsesvandringar i Kvadraturen i Oslo, og har skrive bok om heimsøkte stader i Noreg saman med Ross Kolby.

Ideen til spøkjelsesvandringar fekk ho då ho var på ei slik vandring i London for 25 år sidan.

– Eg syntest det var veldig fascinerande, og ein fin måte å lære historie på, fortel ho.

HØSTMØRKE: Kvadraturen i Oslo skal være et av stedene i Norge med flest spøkelser. Her kan du også være med på spøkelsesvandringer flere ganger ukentlig. Foto: Vidar Ruud / NTB
HØSTMØRKE: Kvadraturen i Oslo skal være et av stedene i Norge med flest spøkelser. Her kan du også være med på spøkelsesvandringer flere ganger ukentlig. Foto: Vidar Ruud / NTB

Samla skumle historier

Amundsen utdanna seg etter kvart til Oslo-guide, starta Oslo City and Naturewalks, og brukte eit år på å utvikle spøkjelses-rundturen.

– Eg gjekk frå dør til dør i Kvadraturen og samla historier. Vandringane inneheld mykje om Oslos historie, krydra med forteljingar om alle dei merkelege tinga som skjer og har skjedd her, fortel ho.

Sjølv omtaler ho seg som ein skeptisk person, men fortel at ho har opplevd mykje uforklarleg dei 20 åra ho har gått rundt som guide.

– Det har vore dører som opnar seg av seg sjølv, skap som ristar, blinkande lys, rare lydar, iskalde gufs rundt leggen og stemmer som har komme med på band, fortel ho.

Annonse

Det hender at deltakarane blir skremde.

– Særleg no som haustmørket kjem, seier ho.

SELSKAP : I «Det Blå Rommet» på Hotel Union Øye i Møre og Romsdal kan du bo sammen med spøkelset Linda, hvis du tør. Foto: Ingrid Mykling / Hotel Union Øye
SELSKAP : I «Det Blå Rommet» på Hotel Union Øye i Møre og Romsdal kan du bo sammen med spøkelset Linda, hvis du tør. Foto: Ingrid Mykling / Hotel Union Øye

Turane føregår utandørs, og har derfor vore eit populært tilbod i koronatida.

Liknande vandringar finst òg i Skien, medan ein på Fredriksten festning kan kjøpe seg eit spøkelseskart og gå på spøkjelsessjakt åleine.

Fleire av underhaldningsparkane satsar òg på grøssande opplevingar om hausten. Tusenfryd utanfor Oslo har dei siste fem åra satsa på tilby spennande og skremmande opplevingar i vekene fram mot Halloween. Dyreparken i Kristiansand tilbyr i haust skumle dagar i ein heilt ny pop-up-park i Kaptein Sabeltanns Verden og Abra Havn. I Kongeparken i Ålgård hadde dei tilbod om skumle opplevingar på kveldstid i haustferien.

Hjelp frå «Åndenes makt»

Sjølv om mange avfeiar spøkjelse som tøys og overtru, er det òg ein god del som trur. Ei undersøking utført av Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) i fjor, viste at 26 prosent av oss trur at hus og bygningar kan vere heimsøkte av ånder.

Programleiar for «Åndenes makt», Tom Strømnæss, har opp gjennom åra besøkt mange hotell, restaurantar og andre offentlege stader som er plaga av uforklarlege hendingar.

– For nokre av desse stadene er spøkjelsa ein attraksjon, men dei ber oss likevel om hjelp når det overnaturlege tek såpass overhand at det skremmer gjestene eller forstyrrar drifta, fortel han.

– Akkurat no er vi på veg for å gjere eit opptak på Sauda Fjordhotell. Mange reiser dit og spør om å få bu på rom 315. Det går nemleg eit rykte om at ein tysk oberst skal ha hengt seg der under krigen og ikkje fått fred, fortel han.

«Åndenes makt» er inne i den 16. sesongen sin, og i eitt av programma som blir vist i haust, har Strømnæss og teamet hans besøkt Bårdshaug Herregård i Orkanger. Overnattingsstaden har hatt mykje uforklarleg å by på både for gjester og tilsette. Mellom anna har Jan Thomas fortalt om ei søvnlaus natt på hotellet i podkasten sin.

PROGRAMLEDER: Programleder i "Åndenes makt", Tom Strømnæss, har besøkt en rekke steder som har spøkelser som en av sine attraksjoner. Her er han på Stortorvets Gjæstgiveri. Foto: Erlend Aas / NTB
PROGRAMLEDER: Programleder i "Åndenes makt", Tom Strømnæss, har besøkt en rekke steder som har spøkelser som en av sine attraksjoner. Her er han på Stortorvets Gjæstgiveri. Foto: Erlend Aas / NTB

Som å jakte på nordlyset

Også museum kan by på spøkjelseshistorier. Førre sesong besøkte programmet Glomdalsmuseet i Elverum.

– Veldig mange museum har «usynlege» utstillingar òg. På Glomdalsmuseet har det skjedd ei rekkje uforklarlege ting. Våre klarsynte meiner årsaka er at ånder har følgt med hus og gjenstandar som har vorte flytta til museet, fortel Strømnæss.

Han peikar på at ein fort kan bli skuffa dersom ein har nifse opplevingar som eit mål for reisa.

– Det blir litt som å reise på jakt etter nordlyset. Det er vanskeleg å vite på førehand akkurat når og kvar det vil opptre.

GLOMDALSMUSEET: På Glomdalsmuseet skal ånder ha flyttet med ting og bygninger som står på området. Museet var med på forrige sesong av programmet "Åndenes makt". Foto: Shutterstock
GLOMDALSMUSEET: På Glomdalsmuseet skal ånder ha flyttet med ting og bygninger som står på området. Museet var med på forrige sesong av programmet "Åndenes makt". Foto: Shutterstock

Neste artikkel

Reiselivet må ta vare på urørt natur