Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk verftsindustri bidrog til auka industriproduksjon

Norske verft sørgde for å heve den totale industriproduksjonen med 1,7 prosent frå 2017 til i fjor.

Illustrasjon. Foto: Siri Juell Rasmussen
Illustrasjon. Foto: Siri Juell Rasmussen

Statistisk sentralbyrå (SSB) skriv at årsaka er at norske verft no i større grad bygger cruiseskip og ferjer enn fartøy til olje- og gassektoren.

Etter nokre år med fall i norsk industriproduksjon som følgje av nedturen i olje- og gassektoren frå 2014, flata produksjonen ut mot slutten av 2016 og snudde til ein liten vekst i 2017.

Annonse

Mykje av veksten blir forklart med ein oppgang i bygginga av skip og oljeplattformer på 18 prosent. Den delen av næringa som jobbar med skipsbygging voks mest, med ein auke på heile 43 prosent samanlikna med 2017.

Nest øvst på lista over kva næringar som bidrog mest til den samla auken i industriproduksjonen i fjor, kjem næringa metallvarer, som hadde ein oppgang på 7,6 prosent samanlikna med 2017.

Neste artikkel

45 kommuner har flere hytter enn boliger