Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange gir opp naturbasert reiseliv

Det er optimisme blant dei som tilbyr naturopplevingar til turistar i Noreg, men stor utskifting vitnar om ein tøff bransje, konkluderer ein ny rapport.

Å gje kundane ei god naturoppleving, er den viktigaste målsetting for bedriftene i arbeidet med naturbasert reiseliv. Foto: Kirsten Offerdal/NPK

Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg genererer opp mot åtte milliardar kroner i omsetnad kvart år, viser rapporten frå forskingsprosjektet Biotour ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Den landsdekkjande undersøking av naturbaserte reiselivsbedrifter viser at det er mellom 2.000 og 3.500 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg. Dei fleste er i dei tre nordlegaste fylka Nordland, Troms og Finnmark.

Dei tre mest populære produkta som blir tilbode er fiske, vandring og båt utan motor.

Omset for milliardar

Dei naturbaserte reiselivsbedriftene har ei gjennomsnittleg årsomsetjing på 2,3 millionar kroner frå naturbasert reiseliv. Det gir mellom 4,6 og 8,1 milliardar kroner i omsetjing, basert på funna i rapporten.

– Resultata er spesielt viktige for offentleg forvalting som lagar rammeverket for bedriftene, men rapporten er også ei kunnskapskjelde for bedriftene og organisasjonane dei er med i. Den synleggjer næringa og kva den bidreg med nasjonalt og lokalt, seier Biotour-forskar Stian Stensland i ei pressemelding.

Annonse

Rapporten viser også at det er vanskeleg å finna ut kor mange som driv med naturbasert reiseliv. Årsaka er at mange kombinerer det med andre typar næring, som landbruk, fiskeri eller at dei har det som ein deltidsjobb.

Dei tre mest populære produkta som innan naturbasert reiseliv er fiske, vandring og båt utan motor. Foto: Kari Hamre/NPK

Vil finna årsaka til nedlegging

Eit mål med Biotour-prosjektet er å finna ut kva vilkår som trengst for naturbasert reiseliv i Noreg som sikrar næringsutvikling, sterke lokalsamfunn og berekraftig ressursbruk.

No vil forskarane i prosjektet ta funna vidare og kartleggja årsakene til at så mange naturbaserte reiselivsentreprenørar sluttar etter kort tid.

– Det naturbaserte reiselivet er ei ønska næring. Er det mangel på nettverk, kompetanse, finansiering eller andre høve som gjer at folk sluttar? Med meir kunnskap om årsakene kan verkemiddelapparatet setja inn målretta tiltak, seier Stensland.

NHO Reiseliv trur årsakene til at mange gir opp kan vera mange. For det er krevjande å starta bedrift.

– Ein skal læra seg alt på ein gong, både å byggja bedrift og å koma ut i marknaden. Å få til heilårsdrift med stabile inntekter kan også vera vanskeleg for mange. Bransjen består av mange tilbydarar som er avgrensa av sesong, dermed kan det ta tid, seier bransjesjef Dagny Øren i NHO Reiseliv.

Neste artikkel

Når hytta skal fordelast