Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forenkla meirverdiavgift på høyring

Regjeringa har sendt den offentlege utgreiinga om enklare meirverdiavgift på høyring med frist til 29. august.

Det blir dyrare å overnatte på det staselege Dalen Hotel i Telemark viss momsen blir heva til 25 prosent på romutleige, slik momsutvalet har foreslått. Utgreiinga frå utvalet er no send ut på høyring. Foto: Hallvard Østrem / NPK
Det blir dyrare å overnatte på det staselege Dalen Hotel i Telemark viss momsen blir heva til 25 prosent på romutleige, slik momsutvalet har foreslått. Utgreiinga frå utvalet er no send ut på høyring. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Utvalet som har stått for utgreiinga, foreslår mellom anna å auke dei reduserte avgiftssatsane på både matvarer, persontransport og overnatting og kultur og idrett til den alminnelege satsen på 25 prosent.

For varer og tenester som det i dag ikkje er moms på, til dømes bøker, nyheitstenester og tidsskrift, straum og elbilar, bør det innførast ein felles momssats på 12 prosent, meiner utvalet.

Annonse

– Ut frå formålet bør momsen formast ut med éin sats utan reduserte satsar og nullsatsar. Då blir han enkel å praktisere, og det blir lite diskusjon, sa utvalsleiar Vibeke Hammer Madsen då ho overleverte rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp) tidlegare i mai.

Den foreslåtte modellen vil auke dei statlege momsinntektene med 25 milliardar kroner, ifølgje utvalet, som òg meiner det bør vere rom for å redusere den alminnelege satsen frå 25 til 23 prosent.

(©NPK)

Neste artikkel

Bollestad om mottaksplikt-refs: – Skal ha landbruk i heile landet